Dei er forsvunne i den store kjøtthaugen. Stjerneflesket i Naustdal, som bonden skulle få tilbake, er hamna mellom anna i butikkane i Bergen.

Bonden i Naustdal hadde gleda seg til å nyte velsmakande, saftig og økologisk kjøt og flesk frå eigne utegåande griser, alle godt medstelte i fjellheimen gjennom sommaren, på stølen hans.

No venta også slekta, naboar og vener på tidenes festmåtid, og den beste juleribba som nokon gong har vore servert i Naustdal.

Ein bitter Eiliv Erdal må ifølgje avisa Firda avlyse grisefesten. Kjøttkonsernet Gilde Vest har blanda saman grisene hans med den store grisehop i Sunnfjord, Sogn og Nordfjord; dei er borte-vekk mellom hundrevis med griseskrottar.

Grisene, etter dette tidkrevande eksperimentet, vart leveert Gilde sitt slakteri i slutten av sist veke.

Toppleiinga i Gilde legg seg no flate, ber om orsaking til bonden og forklarer grise-rotet med at det er rot i Gilde-papira.