OVE A. OLDERKJÆRove.olderkjaer@bt.no Stord

Sjøstraumen har til no ført foru-reining frå havaristen rett vest mot opne havet, ifølgje teknisk sjef Martin Laurhammer i Bømlo kommune.

Bømlo kommune har i morgontimane fredag hatt folk ute i båt i Espevær-området utan å påvisa forureining nær øya. Sidan havariet i desember har det periodevis reke i land små mengder olje og vrakgods frå havaristen, men ikkje i slike mengder at det har fått følgjer for den omfattande oppdrettsaktiviteten på Espevær.

Odd Steffen Garvik i oppdrettsselskapet Brilliant opplyser til Bergens Tidende at han så langt ikkje fryktar for sine knapt 500 tonn laks som står i merd.

Olje, paller og deler av fiskelasta kom til overflata då «Green Ålesund» torsdag morgon knakk i to og sokk djupare i sjøen ved Bleivik i Haugesund. På ny har vind— og straumretning vore gunstig med omsyn til forureining av nye strandområde.

Utsleppa frå havaristen har sidan torsdag stort sett reke mot vest og nordvest, og dels gått mot land på ein del skjer sør for Espevær.

Sektorsjef Mikal Møller Hovda i Sveio kommune hadde fredag føremiddag ikkje fått melding om forureining langs Sveio-strendene.