— Så langt er konklusjonen frå dei to tekniske ekspertane som har undersøkt vraket ei stad-festing av det som blei opplyst under sjøforklaringa, nemleg at eit røyr i maskinrommet sprakk og gjorde at skipet mista framdrift. Det vil gå nokre dagar før eg får den endelege rapporten. Før det, og før eg har fått snakka nærare med påtaleansvarleg Odd Nesse ved Haugesund politikammer, vil eg ikkje trekkja bastante slutningar.

Men ingenting tyder på at undersøkingane gir oppsiktsvekkande nye opplysningar om feil ved ror- eller propellanlegg, seier sjøfartsinspektør Cato Borch.

Eit av spørsmåla han ventar svar på, er kor lang tid folka frå produsenten Kamewa meiner det ville ta å reparera det sprukne røyret. Det kan vera av betydning for vurderinga av innsatsen til mannskapet på «Green Ålesund» dei kritiske minuttane etter at skipet mista motorkraft og havarerte like nord for Haugesund 15. desember i fjor.

— Me er no ferdige med undersøkinga av sjølve vraket, og det vil ikkje gå lang tid frå eg har fått den endelege rapporten frå dei tekniske ekspertane til eg har ferdig mi innstilling til politiet med forslag til kva som vidare bør gjerast, seier sjøfartsinspektør Borch.