EINAR FØRDE

Mitt foredrag var som på bedehuset heime. Grunnlaget var eit heller tynt manuskript. Avgjerande vart det kva som kom til talaren i møtet med forsamlinga.

Her var mykje høgttenking, uventa assosiasjonar og ikkje altfor gjennomtenkte karakteristikkar. Dersom pressefolka hadde drive politisk kremlologi, hadde dei sikkert funne mykje mat til djupsindige analysar over konfliktar, tilhøvet mellom politiske aktørar og generasjonsmotsetnader i Arbeidarpartiet. Hadde eg lese opp ein gjennomarbeidd politisk stil, ville eg nok ha bede om mykje slikt. Nå gjekk eg klar av dette. Det har fødd den dristige tanken at mange politikarar kunne tene på å vere litt lausare i snippen og ta nokre fleire sjansar. Gravalvorets diktatur ligg tungt over norsk politikk for tida. Det er viktig å kjempe mot det.

Thorbjørn Jagland har etter mitt syn hatt god grunn til å klage over den handsaminga han har fått i delar av pressa dei siste åra. I denne tida har eg sett mange i Arbeidarpartiet utvikle eit nokså fiendtleg forhold til pressa. For mange har stor otte for lekkasjar, er livredde for å bli brukt som anonyme kjelder og vil nødig bli sett i samtalar med pressefolk. Men det er ingen god reaksjon på urettvis eller urimeleg presseomtale. Den fjerde statsmakta er ein viktig og legitim aktør i det politiske spelet. Vår fjerde statsmakt er den ho er. Og ho er neppe korkje verre eller betre enn før når det gjeld lekkasjar og urettvis omtale. Ingen politiske parti eller politikarar kan overleve med otte for eller fiendskap til den fjerde statsmakt. Derfor har eg nå drive med formaningar om at Arbeidarpartiets folk bør utnytte den store interessa det for tida er for partiets situasjon til noe positivt. Dersom dei skyr media, vil dei naturnødvendig forsterke nedgangen og pessimismen.

Det er ikkje vanskeleg å skjøne kvifor dei oppfører seg slik. Ei av årsakene er nettopp gravalvorets diktatur. Den såkalla «gubbedebatten» er eit utslag av dette. Min gamle kampfelle Thorbjørn Berntsen er og var ein sjeldan og verdfull politikar. Hans fremste styrke er evne til pregnant, folkeleg og uventa formulering. Han skaper politisk debatt og har som ingen andre talent for å gi debatten ei form som får mange til å kjenne seg kvalifisert til å delta. Det var med sorg eg såg at han måtte legge seg flat og be om orsaking for si spontane og uheldige formulering. For så farleg var det vel ikkje. Hadde han konsultert meg, ville eg kanskje tilrådd ordvalet «nærsynt» i staden for «full», men i dette tilfellet er begge orda så urimelege at dei ikkje kan skade nokon. Anniken Huitfeldt er ressurssterk og flott. Dei fleste menn eg kjenner, ville gripe sjansen til ein dans med henne. Men Thorbjørn var engasjert i eit anna poeng. Han og eg har vore med i Arbeidarpartiet den gongen det verkeleg var eit gubbeparti. Dei som nå nostalgisk lengtar tilbake til Gerhardsen, lengtar tilbake til eit gubbeparti. I dag er ikkje Arbeidarpartiet det i noko rimeleg tolking av omgrepet.

Lars Sponheim er til vanleg ikkje min favoritt. Folk som vil vere vestlendingar og ikkje er bergensarar, er som oftast ikkje så pompøse som han. Det er også så vanskeleg å bruke adjektivet «klok» om det han seier og gjer. Men eg får brennande lyst til å forsvare han når han kallar svenskehandlarane for Harry. Han kunne sjølvsagt ha sagt at «den privatøkonomiske fordel ved å handle i Sverige er monaleg/betydeleg/dugande overvurdert». Då ville ikkje ein kjeft ha reagert. Men då ville vi gått glipp av tusenvis forbanna, engasjerte menneske som nå kjenner at den politiske debatten vedkjem dei og gir dei hug til å ytre seg. Eg vil vone at Sponheims møte med det sjølvhøgtidlege tyranniet ikkje tek frå han lysta til å formulere seg «uheldig». Demokratiet taper på slik sjølvdisiplin.

Kva slags politikarar er det de vil ha, folk? Carl I. Hagen som alltid seier det han trur at folk flest vil høyre. Eller Kjell Magne Bondevik som aldri seier noko overraskande eller merkverdig. Det snusfornuftige og sjølvsagte kan også tolkast og analyserast. Det driv pressa med heile tida. Men ingen bør undre seg over at slike øvingar fører til laber politisk interesse og utydelege skilleliner .

I næringslivet har dei aust ut millionar på medietreningsprogram. Men det har stort sett ført til at urovekkjande mange næringslivsleiarar ser ei livsoppgåve i å unngå journalistar. Dei held seg med pressetalsfolk som har godt betalt for å seie så lite som mogleg. Sjølv vågar mange av dei ikkje ta telefonen av otte for at det kan vere ein journalist inni der. Og dersom dei er så uheldige, har dei utvikla til meisterskap å svare med ord på tre bokstavar eller mindre.

Snart gir Tormod Hermansen seg. Som NRK-sjef måtte eg sjølvsagt uttrykke misnøye med at han sparkar mine journalistar i røva. Men det var noko uendeleg forfriskande ved at ein toppleiar synte at han var forbanna og sputta på knyttneven slik dei gjorde på lokalet i hans barndoms Vestfold og slik dei har gjort på den norske landsbygda alle andre stader der dei har vore så heldige å ha slike kulturinstitusjonar. Med han går også ein leiar som alltid har vore klar over at det er i hans interesse og hans plikt å ta den fjerde statsmakt på alvor. Det er altfor få att av den sorten.

Det ligg ei lekse for media også i dette. Dei forvaltar demokratiet og debatten betre dersom dei handsamar mange «uheldige» fråsegner med større forståing og mindre gravalvor. Dei bør også slutte med å omtale normal meiningsutveksling med substantiv som «krig» eller verbet «rase». Debatten er det mest verdfulle vi har. Den er føresetnaden for alt framskritt. Dei som held han oppe, bør få takk og respekt.

TEIKNING: MARVIN HALLERAKER