Men det hjelper lite å sleppa bussane fram først når dei nesten ikkje har passasjerar. Statistikken viser at andelen kollektivreisande vert stadig mindre, samtidig som billettprisane aukar og bussavgangane vert færre.

Styresmaktene har stegvis avvikla sitt kollektivengasjement, og i staden lagt til rette for privatbil. ein konsekvens er bilkøar i rushtida.

Vi burde bytta ut framlegget om gratiskøyring for privatbilar, med gratis bussar i rushtida i staden. Då vert det attraktivt å setja bilen heime og ta bussen til arbeid. Set mange nok bilen heime, vil rushkøane løysa seg opp. I dag kostar det 53 kroner å reisa seks sonar med buss. Første steg kan vera å redusera taksten til ti kroner. Er eit slikt framlegg heilt uinteressant for styresmaktene?

TOR G. TURØY, TURØY