Det heiter at fotball er eit spel med 22 spelarar på banen og til slutt vinn Tyskland. I Sverige har det stort sett vore slik at først er det valkamp og så vinn «sosserna», altså sosialdemokratiet. Lenge såg det ut til at det skulle bli utfallet i år også. Men siste veka har det butta imot for «sosserna» og Göran Persson, og ei veke før valet den 15. september er den borgarlege utfordringa meir reell enn Persson likar å tenkja på.

Den sosialdemokratiske strategien var klår nok: Valkampen skulle byggjast rundt Göran Persson, som har vakse frå grå fylkespolitikar i Malmöhus fylkesting til svensk statsminister med stor tillit. I 1989 henta Ingvard Carlsson han inn som finansminister, og den jobben gjorde han såpass bra at han avløyste Carlsson som partileiar i 1996. Same året flytta han inn i statsministerstolen. Då var det Centerpartiets Olof Johansson som garanterte det sosialdemokratiske fleirtalet.

Etterpå har Centern overlate dette til Vänsterpartiet og Miljöpartiet, og Göran Persson har kunna halda fram som statsminister. Persson får framfor alt æra for å ha stapla Sverige på beina etter den djupe økonomiske krisa midt på 90-talet. Problemet nett no er at den statsøkonomiske himmelen på nytt er formørka, fordi utgiftene er vesentleg høgare enn inntektene. Svensk presse hevdar at Persson har fuska med tala for å skjula dei dystre utsiktene.

Men alvoret er såpass tydeleg at Folkpartiet alt har trekt tilbake sine dyraste vallovnader og plassert dei i ventestilling. Persson set si lit til at svenskar flest trur han er mannen Sverige treng når det bles opp til uvêr.

Valet var avgjort

Slik har det vore, men det er ikkje plent sikkert at det er slik 15. september 2002. For ein månad sidan skreiv innsiktsfulle kommentatorar at valet kom til å bli ein formalitet — meiningsmålingane gav Persson godt over 40 prosent av røystene.

Seinare har det gått nedover, og nå ligg han under 35 prosent på mange målingar. På den andre sida ser det ut til at faren for at Miljöpartiet fell ut av Riksdagen er over. No viser målingane nærare seks prosent for Mp.

Situasjonen på borgarleg side er noko ulik den i Noreg. Dei borgarlege i Sverige har liten tradisjon for å opptre samla i valkampar. Dei går til val kvar for seg, og seier dei vil samarbeida om å ta makta dersom veljarane gir dei tillit. Den som får særleg tillit no er Folkparti-leiaren Lars Lejeonborg. Folkpartiet, som er Sveriges liberale parti, stod i fare for å forsvinna frå Riksdagen i 1998, med berre 4,7 prosent av røystene. No seier heile 11,3 prosent av veljarane at dei vil gje si stemme til Lars Lejonborg.

Moderaterna har Bo Lundgren som frontfigur, men Moderaterna står i beste fall på staden kvil. I 1998 fekk Sveriges konservative parti 22,9 prosent av røystene, no ligg dei an til å hamna i underkant av 20 prosent. Då hjelper det litt at Centern, som altså har skifta side, gjer det betre under sin kvinnelege leiar Maud Olafsson.

Ferske målingar gir Centern rundt seks prosent. Alle invitasjonar frå Göran Persson om å dra Centern tilbake på venstre banehalvdel er bryskt avviste av Maud Olafsson.

Krev laurdagsporno

Så har Sverige - til liks med Norge - eit kristeleg parti med store ambisjonar. Kristdemokraterna og leiaren Alf Svensson ligg rundt 10 prosent, og Svensson er ikkje framand for tanken om å bli statsminister i Sverige. Det kan han bli. Men han likte dårleg at partifellen og medlem av Kristdemokraternas kvinnoförbund, Terese Kirpikli, torsdag stod fram i Aftonbladet og kravde meir porno på svensk tv. Helst laurdagskvelden, og tanken hennar var at det skulle setja fart i den svenske barneproduksjonen. Leiande kristdemokratar har seinare kappast om å ta avstand frå Kirpiklis pornoutspel.

Men det handlar mest om pengar. Bo Lundgren lovar skattelette, medan Persson lovar vern om velferdsstaten. Vänsterpartiets populære leiar Gudrun Schyman vil veta om Persson kan tilby henne og partiet hennar meir enn ei passiv rolle som støtteparti, men får ikkje svar. Men alle veit at Persson helst vil styra åleine. Siste meiningsmålingane viser 49,3 prosent til blokka

Socialdemokraterna/Vänsterpartiet/Miljöpartiet, medan den borgarlege blokka får 47,5 prosent. Spenninga kring utfallet vil skremma over 80 prosent av svenskane til vallokala komande sundag.