Dette som svar til mitt innlegg dagen før om EØS-avtalen og utviding av den.

Det fell Margrethe Halvorsen og Europabevegelsen noko tungt for brystet at eg ikkje har skjønsemd for verdiane i EØS-avtalen. Dessutan i tillegg at eg skreiv (som sant er slik eg ser det) at EU ikkje har magemål, når det gjeld å stilla krav til eit føyeleg Noreg. Eg tillet meg no å bruka noko av hennar overskrift og meiner å ha full dekning for å ta vekk spørsmålsteiknet.

Det kan likevel vera slik at sentrale norske politikarar og for den saks skuld ja-sida, er meir å klandra enn EU, som trass alt berre utnyttar EØS-avtalen slik Noreg har gjeve høve til. Avtalen var i utgangspunktet ein uvanleg avtale mellom det ein må tru var to sjølvstendige partar. Mange tvilte på denne likevekta. Ved at ja-sida og fleirtalspolitikarane på Stortinget ikkje har vilja bruka reservasjonsretten i avtalen, har ein med praktiseringa av EØS-avtalen gjort Noreg til eit lydrike der ein godtek alle EU-vedtak.

Ein kontingent på 1,8 milliardar pr. år for ein utvida avtale er ikkje avgjerande for norsk økonomi. Men sjølve forhandlingane som Noreg er tvinga inn i, synleggjer dynamikken i den opphavlege avtalen der det ikkje er nok for EU at norsk lov på alle plan er underlagt EU sitt lovverk.

EU vil ha klingande mynt i tillegg. I neste omgang kan fiskeressursane stå for tur.

Underskrivne veit ikkje kva som skal til for at Europabevegelsen i Bergen eventuelt kan seia nei til eit EU-krav. Er 9 milliardar pr. år også ein for liten sum å bry seg med? Stortinget har ved fleirtalsvedtak godteke eit gassdirektiv frå EU (innafor EØS) som kan tyda eit tap på

9 milliardar kroner i året — overført til gassgrossistar i Tyskland.

Kven er lydig - og kven er grådig?

OLAV REVHEIM