Mens Møre og Romsdal og Trøndelag ryddar opp etter flaum og ras, kan folk i Hordaland og Sogn og Fjordane sjå fram til ei tørr og varm helg.

— Det ser ut til å bli lite nedbør og mykje fint vér i begge fylka, stadfestar meteorologfullmektig Magnus Anglevik ved Vérvarslinga på Vestlandet.

— Temperaturane blir stigande, kring 17-18 grader på laurdag og oppi 20 på sundag, seier han til BT.

Ny nedbørsrekord i Lærdal

Men denne veka har det vore uvanleg vått på våre kantar også. I løpet av nokre få ettermiddagstimar onsdag sette Lærdal - ein av dei tørraste stadene i landet - ny nedbørsrekord på 46, 1 millimeter.

Dagen etter kom døgerrekorden i nedbør på 58,2 millimeter.

— Det er ny rekord for Lærdal uansett månad. Den gamle frå januar 1992 er på 49 millimeter, fortel Anglevik.

— Mens på Takle i Sogn kom det berre 0,1 millimeter. Så lokalt var det.

Julirekord

Også bergensveret har vore litt spesielt denne veka. Torsdag var det stiv kuling og middelvind.

— Det er ikkje ofte vi har så sterk vind i august, seier meteorologen.

Månaden vi har lagt bak oss var elles den varmaste julimånaden sidan målingane begynte på Vestlandet i 1861.

Men likevel kom berre tre julidagar innanfor den strikse definsjonen av klarvér: At summen av skydekke morgon, middag og kveld ikkje skal overstige tre-åttandedelar.