Dei har bestemt at busseksos skal me vera heilt fri for kvar laurdag og søndag, og mellom jul og nyttår har det berre vore helg — i Gaia. Vi skjønar dei godt, kunne godt tenkt oss helg heile året sjølv vi!

Dessverre kjem kvardagane trass i våre ynskjer. Torsdag 27. desember var ein slik dag hos oss. Gaia sitt julehefte la vi stilt til side i kvardagskrava, og heldt oss til harde fakta. Det skulle vi ikkje ha gjort. For etter 25 minuttars venting var gata like rein, stille og nybrøyta som berre ein vintersøndag kan vera, og frosten hadde funne vegen heilt inn til beinet. At den vidare reisa gjekk etter vanleg kvardagsrute hjelpte lite - ei lekkje er som kjent ikkje sterkare enn det svakaste ledd. Det nyttar ikkje å forhalda seg til resten av verda dersom ein skal starta med Gaia. Og frå informert hald har vi fått opplyst at dei vil gjennomføra same stuntet i påsken - berre så det er kjent ...

Ære være snøen som var ferdig snødd alt i tretida om natta. På den måten høvde det slik at ein brøytebil avslutta ruta si like ved busstoppet. Å venta på drosje no ville ha avslutta reisa før ho var begynt - det innsåg vi, og drog trygt til hurtigbåtkaia så reisa kunne fortsetje. Takk til brøytemannen med eit varmt hjarta og ein varm bil.

MARIANN SAGVÅG, STATSMINISTER MICHELSENS VEI