ELISABETH GRØVLEBAKKE KÅRSTAD

Det var då Olav heldt på å lage septiktank på eigedomen sin i Eikefjord i Sunnfjord at han miste gullringen. Det er Firda som i dag fortel historia om ringen som vart vekke i 1966 og kom til rette att for tre dagar sidan.

– Kvar er gifteringen?, spurde Annfrid då Olav skulle drikke kaffi den dagen for 35 år sidan.

Dei to låg på kne og olboga og leitte fortvila etter ringen. Men dei fann den ikkje etter lang tid med leiting.

Mykje prating har det blitt om ringen, og begge trudde han var forsvunnen for godt.

Ny ring til jul Jula 1966 fekk Olav ny ring.– Det er ikkje heilt det same. Det er noko heilt spesielt med originalen. Olav meiner at alt ikkje kan erstattast. Ein giftering er det noko spesielt med. Olav og Annfrid gav den til kvarandre når dei trulova seg 9. april 1960. 7. mai fekk Olav og Annfrid igjen ringen dei hadde streva og leita etter. Det var naboen, bror til Annfrid og kona som fann den. Ringen var like fin som sist Olav såg den. I 35 år hadde ringen lege godt gøymt i jord og stein.

– Den var funnen 200 meter vekke frå der eg mista han. Umogeleg er det å seie korleis den kan ha forflytta seg. Det er noko Annfrid og Olav aldri vil finne ut av.

Olav blei så glad for å få attende ringen sin, at han kjøpte blomar til kona si.

– Eg måtte sjå ringen for å tru det. Først trudde eg han narra meg, ler Annfrid.