Av Geir Knutsen,Arnatveit

Temaet om kva som er god oppseding av barn og korleis vi vaksne bør vere i samspelet med barn, opptek meg mykje.

Eg er i lærarbransjen, så eg har opp gjennom åra sett utslaga hos barn som ikkje har gode køyrereglar heimefrå.

Det som opptek meg mest er korleis vi skal få formidla dei eigentleg enkle grepa som skal til for å få god danning hos barn.

Eg etterlyser ei offentleg foreldrekursing som kan bli like innarbeidd og som kan gå parallelt med helsestasjonane sitt arbeid.

Vi er i dag særs flinke til å halde ungane reine og friske og vaksinerte.

Dei er alle målte og vegde og sett inn på kurve. Dette er sjølvsagt viktig, men kva hjelper det når ungen din kanskje tek til å ruse seg allereide i ti års alder?

Kva når dei som veks opp ikkje har lært å ta vare på medmenneska, eller seg sjølv, for den saks skuld?

Eg trur det må opprettast eit parallelt «lokomotiv» til primærhelsetenesta, og i dette lokomotivet må alle som får barn, og dermed blir foreldre, følgje med.

Altså: Etter at dei har vore hos helsesyster, må dei innom «Oppvekstbror». Eg meiner Oppvekstsenteret eller eit anna høveleg namn. Bydelane har oppvekstavdeling og driv ein del førebyggjande tiltak, men det blir ikkje grundig nok når ein oppvekstsjef må bruke fritida si til å halde foredrag for foreldra til velfungerande ungar på kveldstid. Vi må få ei primær oppvekst-teneste som gir samme effekten som vaksinering.

Det dreier seg om å få politisk vilje til slikt, men før det må det bli eit reelt syn og behov om at førebygging har noko for seg. Politikarar som seier at førebygging er viktig, kan to dagar seinare legge ned tilbod til barn og unge på grunn av nokre lusne tusenlappar.

Det må visast at dette kan setjast i system. Nokre menneske med innsikt i slikt som eg foreslår, må ta tak i dette, og hjelpe til å påvirke i riktig retning.

Økonomisk sett er det jo det glade vanvidd ikkje å ta vare på danningsdelen hos eit menneske når det allereide er investert så mykje pengar på det enkelte barn innan det er ti år.