Men før det blir fatta politiske vedtak som lett kan få store konsekvensar for samfunnsnyttige aktivitetar, er det på sin plass å understreke nokre fakta og utviklingstrekk.

Først kan det vere nyttig å slå fast kor mange automatar det verkeleg finst her i landet, og i våre naboland som vi gjerne blir samanlikna med. Då politikarane vedtok å opprette eit lotteritilsyn, var det mellom anna for å få kontroll med ein automatmarknad som delvis hadde vore ute av kontroll. Frå mange hald vart det med tyngde hevda at det fanst langt over 30.000 gevinstautomatar i Norge. I dag kan vi slå fast at dette talet var altfor høgt.

Då Lotteritilsynet hadde kartlagt marknaden i fjor, kom vi til at det for tida er vel 21.000 lovlege gevinstautomatar i Norge. Desse bidrog i år 2000 med 813 millionar kroner til samfunnsnyttige og humanitære formål. I tillegg finst det openbert ein del ulovlege, kanskje så mange som eit par tusen. Men i lys av den pågåande debatten om speleavhengighet og oppstillingspolitikken for automatar, er det grunn til å merke seg følgjande:

Trenden peikar ytterlegare nedover når det gjeld talet på gevinstautomatar i tida framover

Lotteritilsynet har etter nyttår etablert sin planlagde kontrollseksjon, og dermed er ein ny tidsalder innleia på kontrollsida.

I løpet av 2004 er målet å kontrollere alle automatane her i landet i nett

Den teknologiske kunnskapen om automatane aukar, og nyleg sa Lotteritilsynet nei til søknader om å typegodkjenne to nye automatar

Det er ei opplesen sanning at vi her i landet har fleire gevinstautomatar enn Sverige og Danmark til saman. Dette stemmer ikkje lenger. I Danmark er det gitt mellom 15.000 og 16.000 automatløyve, og lotteristyresmaktene ser ikkje bort frå at talet kan auke. I Sverige er det gitt løyve til 7500 gevinstautomatar, men slit også med ein illegal marknad i tillegg.

Talet på gevinstautomatar i Norge synest framleis å gå nedover, og signala frå dei store aktørane er at dei uansett ønskjer å slanke sine automatparkar. Til grunn for dette ligg det først og fremst ein bedriftsøkonomisk tankegang — ein god del automatar har for låg inntening. Resultatet er at kampen om dei mest attraktive oppstillingsplassane hardnar til. Den omstridde avtalen mellom Steen & Strøm og Røde Kors Automatene er eit uttrykk for dette.

Det er med andre ei sentralisering i gang i den norske lotterimarknaden. Dersom ein entreprenør flyttar automaten sin frå Samvirkelaget på Rena til Oslo City, så vil også overskotet til det lotteriverdige formålet følgje med, ifølgje dagens lovgjeving. Til glede for eit samfunnsnyttig formål i Oslo-området naturlegvis - til skade for idrettslaget på Rena som kanskje sit igjen som taparen.

Resultatet av denne utviklinga er det all grunn til å merke seg når framtidas automatpolitikk skal utmeislast. Regulering av marknaden, der førebygging av speleavhengighet må vere heilt sentralt, må balanserast opp mot dei inntektene automatane bidreg med til frivillig, samfunnsnyttig arbeid. I denne samanhengen er kulturministeren sitt initiativ om ein samla politisk gjennomgang svært positiv, og likeins/like eins initiativet om ein gjennomgang av oppstillingspolitikken.

Frå nyttår er også kontrollsida oppe og går i automatmarknaden. Forutan å tilsetje åtte faste inspektørar, kjøper Lotteritilsynet kontrolltenester frå Justervesenets vel 30 kontrollørar over heile landet. Målet i år 2002 er at alle gevinstautomatar skal ha ein utvendig kontroll.

I tillegg vil Lotteritilsynets åtte inspektørar, nokre med politibakgrunn andre med teknisk utdanning, rykkje ut og kontrollere også den teknologiske delen av automatane, mellom anna på bakgrunn av tips vi får. Inspektørane våre har både fullmakt og kompetanse til også å gå inn og kontrollere innmaten i automatane. Dette er ein heilt ny kontroll som på sikt definitivt vil føre til ei sunnare utvikling i marknaden.

Halden var den første staden inspektørane rykte ut i aktiv teneste. I løpet av eit par-tre dagar vart det her oppdaga og beslaglagt seks gevinstautomatar som Lotteritilsynet meiner er klart ulovlege. Og er beslaga i Halden representative for resten av landet, ventar det ein skikkeleg ryddejobb. Men politikarane bør merke seg at denne jobben no er i gang.

Nye tider er det også når det gjeld typegodkjenning av gevinstautomatar. Vi har etablert ei systematisk godkjenningsordning for slike maskiner til den norske marknaden, og nyleg sette Lotteritilsynet foten ned når det gjeld to nye maskiner. Vår tekniske avdeling grunngir mellom anna avslaget med at maskinene har eit trekningsmønster som kan stimulere til speleavhengighet.

Sidan nyttår har det vore ein nyttig debatt om norske pengespel i lys av at dette er ein aktivitet som framleis aukar. I fjor gjekk omsetnaden i den norske spele- og lotterimarknaden opp fire-fem prosent ifølgje ferske tal Lotteritilsynet har utarbeidd. Oppstillingspolitikken når det gjeld gevinstautomatar er sjølvsagt eit sentralt tema når det gjeld problematisk speleåtferd i befolkninga, men styresmaktene må ikkje dermed late att auga for andre utviklingstrekk.

Akkurat no ser vi til dømes at omsetnaden i Norsk Tipping sine oddsspel nærast har eksplodert etter at det vart opna for spel på enkle og doble kampar. Dette kan vere positivt fordi det tyder på at fleire nordmenn ser ut til å spele i Norge i staden for på utanlandske internett-spel som ikkje genererer pengar til samfunnsnyttige formål her i landet. Men samstundes inviterer slike oddsspel til å satse stort, og det er spel som skjer dagleg. Ei slik utvikling er såleis interessant å følgje med tanke på at også dette kan utvikle speleavhengighet.

SV sitt framlegg om ein drastisk reduksjon i talet på gevinstautomatar, har i dag ein uviss politisk lagnad. Men framlegget, som kan gi ny fart til sentraliseringa av lotteriinntektene, bør ikkje sjåast isolert. Skal oppstillingspolitikken drastisk endrast, bør det også få følgjer for måten lotteriinntektene her i landet blir fordelt.

I så måte vil spel i pott bli stadig meir aktuelt å vurdere. Det vil seie at overskotet frå lotterimarknaden går inn i ein pott som deretter blir fordelt etter klare reglar. Ein slik måte å fordele overskotet frå pengespela på, er dessutan ein garanti for å sikre ei meir rettferdig fordeling av inntektene. For det skal ikkje stikkast under ein stol at ein del store samfunnsnyttige aktørar stod igjen på perrongen då lotteritoget gjekk på 1990-talet.

Av Atle Hamar, direktør i Lotteritilsynet