Biletteksten gjev næring til ei myte om at Attac er ein organisasjon for bakstreverske maskinknusarar som ønskjer å skru tida tilbake til ein tenkt idyll i fortida. Då er Rossavik meir på linje med underteikna når han i kommentaren «Men politikken er ikke død.», same dag hevdar at globaliseringa er ein kulturell, politisk og økonomisk prosess som består av fleire parallelle prosessar og har både positive og negative sider. Utfordringa må vera å dyrka fram dei positive sidene samstundes som ein kjempar mot dei negative. Til dette trengst det eit levande demokrati der folk faktisk kan påverka. Me treng ei globalisering nedanfrå.Rossavik hevdar på den eine sida at politikken ikkje er død, samstundes som han meiner at folk flest nok kan ha problem med heilt å skjøna kva som foregår. I så fall kan det godt henda at politikken lever vidare ý men me har ikkje noko levande demokrati utan folkeleg deltaking. Eit levande demokrati krev ein offentleg debatt der folk flest kan ta til seg informasjon, ta stilling til dei ulike aktørane og kan hende sjølv delta aktivt. Her skil nok Noreg seg ut. I mange andre land finst det ein levande debatt rundt globaliseringa, kva denne inneber og korleis ho skal møtast. Denne debatten har til nå i stor grad mangla i Noreg.Attac meiner ikkje noko om kva tilhøve Noreg skal ha til EU. Underteikna meiner likevel at det er eit problem at den norske offentlege debatten, i kjølvatnet av EU-avstemminga, i stor grad lukka seg om gamle, velkjende og nasjonale spørsmål ý som om ingenting var på gang utanfor grensene. Det utanfor blei liksom «dei andre» sitt problem. Dette må me gjera noko med. Demokratiet treng ein levande offentleg debatt.Av Arne Langhelle,medlem i Attac Bergen