For eit par år sidan sa heldigvis Storbritannia nei til MAI-avtalen, Multilateral Agreement on Investments. Denne internasjonale investeringsavtalen var forløparen til GATS (General Agreement on Trade in Services), og ei råare og mindre raffinert utgåve. I samarbeid med Verdsbanken og valutafondet (IMF) leitar dei multinasjonale konserna etter avtaleverk som kan overkøyre den enkelte nasjonalstat sine eigne lover og regelverk. GATS er eit slikt avtaleverk og det er ikkje laga for å gjera kvardagen til vanlege arbeidsfolk lettare og tryggare.

Det må vere eit tankekors at av all verdshandel i 1976 så utgjorde handel med varer ca. 95 prosent og valutahandel ca. 5 prosent. I 2001 utgjorde varehandelen, sjølv om den har auka enormt i volum, i verdi ca. 4 prosent og valutahandelen ca. 96 prosent. Dersom dei store pengeflyttarane hadde synt vilje til å betale ei lita avgift (Tobin-tax) på desse pengetransaksjonane, så kunne det ha vore med å byggje fond til mellom anna utdanning av folk i den såkalla tredje verda. Men grådigheita driv dei handlande til å prioritere kortsiktig profitt, og meir rikdom blir heile tida samla på stadig færre hender.

Einar Førde meiner at styrken i antiglobaliseringsrørsla er på retur og når ein ser på den generelle dumskap og likesæle i samfunnet så er det freistande å seie seg einig. Når Førde ser på utviklinga i sitt eige parti og litt småsvett prøver å finne att den raude tråden i partiets historie frå Martin Tranmæl til Grete Knudsen og Tore Tønne, så er han orsaka, for tråden er blitt noko blåfarga dei seinare åra.

Trøysta får vere at ATTAC er ikkje aleine, når dei liberale høgrekreftene har fått øydelagt nok av velferdsstatens opparbeida gode vil saueflokken vakne frå godstolen og «Hotel Cæsar» og kjenne etter kor dei høyrer heime. For ein ting må vi forstå; den mette og fornøgde del av verdas befolkning er diverre ein liten minoritet.

Av Henning Rutledal, Eivindvik