Diverre er det ikkje nytt at BT blandar i hop si negative haldning til eit av dei viktigaste vegprosjekta i Hordaland med redaksjonelle oppslag.

Villreinstamma på Hardangervidda har i mange år vore brukt som argument mot satsing på riksveg 7. Sjølv om det ikkje finst prov på at vegen er noko problem for den unike villreinstamma, vert påstanden brukt av ulike grupper som jobbar mot riksvegen. Miljøvernforbundet nyttar villrein som hovudargument i sin kampanje mot fylket sitt prioritert vegsamband austover.

Brøyting er avgjerande for næringsverksemd og turisme i Indre Hardanger. Sidan brøyting må vedtakast årleg, freistar miljøvernarane å hindre vedtaka kvar gong saka kjem opp.

For å avslutta denne endelause diskusjonen om vinterbrøyting, har Vegdirektoratet teke initiativ til å undersøkje saka på vitskapleg vis. Over fem år skal villreinen radiomerkast og overvåkast om vinteren. Det gjev fagleg grunnlag som kan erstatta påstandar og synsing.

Dermed må Vidda brøytast i fem år samanhengande.

Når Miljøvernforbundet rasar mot dette, viser det manglande seriøsitet. At nokon ikkje vil akseptere at eigne påstandar skal vurderast på vitskapleg vis, er eit dårleg signal.

Derimot viser saka at styresmaktene tek omsyna både til villrein og interessene til Hordaland og Indre Hardanger på alvor. Forsøket er ei gladmelding for riksveg 7 og Hardangerbrua. No vert sambandet stabilt i ein lang periode. Dette er bra når Hardangerbrua skal greiast ut på nytt.

Å framstille eit femårig vitskapeleg forsøk som noko negativt, med overskrifta «Fem års brøytekrangel» er heilt i skodda. Her er det ingen som kranglar, bortsett frå BT og Miljøvernforbundet.

Av Torbjørn Hansen, stortingsrepresentant Høgre