April og mai er høgsesong på Kvinneklinikken i Bergen. På denne tida av året er det jamnt tilsig, dag og natt, av nye små prinsar og prinsesser. Derfor skulle ein tru at garva, erfarne jordmødrer på Vestlandet ikkje let seg affisere særleg av ein fødsel borti Oslo.

Men til og med jordmødrene på Storken måtte tørke tårene under morgonmøtet onsdag. Saman med dronning Sonja, nybakt bestemor, og tv-overført til vaktrommet frå Rikshospitalet i Oslo.

— Reaksjonen hennar var så rørande, forklarar assisterande avdelingsjordmor Kristin Aase Boge til BT.

- Den beste reklamen

Jordmødrene i Bergen er stolte over prinsesse Märtha Louises innsats.

— Märtha Louise har vist at ho har tru på seg sjølv, og evne til å føde. Dette er den beste reklamen vi kan få for naturleg fødsel, seier jordmor Kjersti Storebø.

— Prinsessa er representant for dei fleste fødekvinner her i landet. 70-80 prosent av alle norske kvinner føder normalt. Men fokus i media er på komplikasjonane, når det går gale. På bordet i vaktrommet står ein boks akupunkturnåler. 11 av 29 jordmødrer på Storken tilbyr no akupunktur til fødande kvinner. Etterspørselen er berre blitt større og større sidan starten i 1995.

— Akupunktur er begynt å bli anerkjent, og vi som kan akupunktur er etterspurt på heile huset. No ropar legane på oss før dei prøver noko anna, fortel jordmor Aase-Brith L. Austbø. Rollemodell

— Akupunktur blir berre brukt til smertelindring?

— Langt ifrå! Absolutt ikkje, kjem det unisont frå jordmødrene.

— Akupunktur blir også brukt roande, avslappande og stimulerande i forhold til fødselen. Dessutan ved amming og mjølkeproduksjon, og når morkaka ikkje løsnar av seg sjølv. No gler Storken-jordmødrene seg til å høyre Märtha Louises sjølv fortelje om fødselen sin.

— Det har større effekt at ho fortel om naturleg fødsel og akupunktur, enn at vi gjer det.

Prinsessa er ein flott berar av bodskapen, og ein god rollemodell, meiner Kristin Aase Boge.

GOD REKLAME: Prinsesse Märtha Louise fødde utan annan smertelindring enn akupunktur. - Ein flott rollemodell, meiner jordmødrene Aase-Btith L. Austbø, Kjersti Storebø og Hilde Lyngøy på Storken.<p/>FOTO: MARITA AAREKOL