Det opplyste helseminister Dagfinn Høybråten i Stortinget i formiddag.

Helseministeren svara på spørsmål frå stortingsrepresentant Ranveig Frøiland. Ho stilte spørsmålet etter at BT før helga avsløra at Vestlandssjukehusa vert sveltefora med midlar samanlikna med sjukehusa i andre delar av landet.

Høybråten viste til at regjeringa har sete ned eit utval som skal vurdera nye kritierier for sjukehusfinaniseringa her til lands. Utvalet skal ha tilrådingane sine ferdig til hausten.

Dermed kan ikkje noko nytt finansieringsystem leggjast inn i budsjettet før i 2004.

Men regjeringa innrømmer at dagens dagens system verkar skeivt. Difor vil regjeringa alt i budsjetthandsaminga til hausten foreta ein viss omfordeling av midlane mellom dei ulike helseforetaka.