— Ungane kunne like gjerne lært svensk, seier ein far til BT. Rektor vil ha ny folkerøysting om skulemålet.

— Ungane kunne like gjerne lært svensk, det hadde i det minste vore nyttig. Nynorsk er ikkje nyttig, seier Øystein Lund.

Han er far til eit av barna som skal begynne i førsteklasse ved Kyrkjekrinsen skole til hausten. Skulen har nynorsk som hovedmål, men Lund og 27 andre foreldre vil at barna deira skal gå i bokmålklasse. Berre ni foreldre ønskjer nynorsk. - Dei som vil ha opplæring i nynorsk, får det. Dei som kjem hit frå Afghanistan, får opplæring i sitt språk. Då må det kunne gå an å få opplæring i bokmål, også, meiner Lund.

Rektor vil ha målrøysting

I dag er det parallellklassar i 1.-7. klasse ved Kyrkjekrinsen skole. For at det skal vere lov å opprette parallellklasse, må det vere minst ti elevar igjen i klassen med hovedmål. Men neste år manglar éin elev i nynorskklassen, og dermed seier norsk lov at alle dei 37 førsteklassingane må gå i nynorskklasse.

— Vi kan ikkje bryte lova. Kyrkjekrinsen er ein nynorskskule, seier rektor Reidun Rydland. - Men dette er ein tilbakevendande diskusjon kvart år. Det beste ville vere ei ny målrøysting i skulekrinsen, fordi det er den demokratiske måten avgjere dette på. Då ville vi få avklart situasjonen, og så måtte alle bøye seg for fleirtalet.

- Tal dialekt, skriv bokmål!

Ved forrige målrøysting i skulekrinsen i 1993 vann nynorsken med stort fleirtal. I februar i år tok bydelsleiar Arvid Blommendal (FrP) til orde for ei ny skulemålsrøysting, men vart nedstemt. Sjølv har han to ungar i nynorskklasse ved Kyrkjekrinsen skole.

— Som du høyrer er eg frå Radøy, tjukkaste nynorskland. Og hvis eg budde på Radøy eller Osterøy, ville eg ha kjempa for nynorsk. Der er det naturleg, seier Blommendal på telefon.

— Men nynorsk er ikkje naturleg i Åsane, Norges største bydel. Tal dialekt, skriv bokmål, seier eg. Det er naturleg i Åsane!