OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStord

Det heile startar med at alle 5500 grunnskuleelevar i Sveio, Fitjar, Bømlo og Stord blir køyrte til opningsarenaen ved Gassasundet på Moster. I tillegg er det venta 10.000 gjester når kongen kjem for å klippa snora og for å oververa eit svært op-ningsshow med over 600 aktørar.

Festen held fram med kongegjesting i Sveio, kongelunsj på Stord og blir ikkje avslutta før langt på kveld med bruball på Vikahaugane, trekantrock i Stord kulturhus og fyrverkeri over sunnhordlandsøyane.

Ei markering verd – Vi er veldig stolte over dette anlegget som gir vegutløysing for 30.000 menneske – den største folkekonsentrasjonen på norske øyar som til no ikkje har hatt fastlandssamband. Noregs største vegprosjekt er verd ei markering, seier Øyvind Halleraker, leiar i Sunnhordland Bru— og Tunnelselskap AS.

Bruselskapet spleiser på gildet saman med Statens vegvesen og dei fire kommunane som er direkte berørte av Trekantsam-bandet, som kostar 1814 millionar kroner.

Ragnhild Randal – kjent frå teatermiljøet på Bømlo og i Hordaland – har fått oppdraget med å regissera den kulturelle folkefesten opningsdagen.

– Ei folkemønstring og ein utruleg festdag, lovar Randal.

Kongen i fly, ferje og bil Kong Harald kjem med fly til Stord lufthamn på føremiddagen og returnerer samme veg på ettermiddagen. Snorklippinga ved Spissøybrua i Gassasundet skjer truleg klokka 12. Han reiser over Stokksundet med ei av dei siste ferjene i sambandet Sagvåg-Siggjarvåg, og dreg tilbake til Stord – via Sveio og Bømla-fjordtunnelen – over dei tre nye bruene.

I Gassasundet vil kongen få med song, musikk og dans frå ein spesialbygd scene, veteran-båtar på sjøen og veteranbilar på dei nye vegane, dessutan ein kortesje på 150 motorsyklar.

Kulturprogrammet får NRK Hordalands Lise-May Spissøy som konferansier. Ho får med Trekantsambandet vegutløysing til hytta si på Spissøy i Bømlo.

Programmet I naturvakre Gassasundet med utsyn mot alle tre Trekant-bruene blir det musikk av vegvesenets korps Hordablåsen og eit korps på 130 musikarar frå Fitjar, Stord, Bømlo og Sveio samansett spesielt for høvet, Sunnhordlandskorpset.

Før snorklippinga skal Per Olav Paulsens tingingsverk «Opningsfanfare» framførast, og nær 150 songarar i det spesiallaga Sunnhordlandskoret skal syngja, 150 folkedansarar frå Sunnhordland skal dansa, og det blir eit utdrag frå Johannes Hegglands nye sogespel «Tora Mostrastong og kongen», eit møte mellom Harald Hårfagre og Harald V.

Ragnhild Randal byr også på revyinnslag, kongeleg minnesteinmarkering, lydkulisser, vasskanonar og ymse overraskingar.

Deler av programmet blir repetert under kongelunsjen i Vikahaugane Stord sportssenter for inviterte gjester på ettermiddagen. Her skal óg 65 born frå Stord kultur- og musikkskule spela, 26 ungdommar skal dansa Riverdance for kongen.

Prosjektleiar Henrik Schaathun lovar at heile Trekantsambandet er klart for trafikk til 30.april. Ein del fullføringsarbeid kjem likevel til å skje utover sommaren. I tilknyting til opninga blir det i vår også sykkelritt, løp og kunstutstillingar i området.

FESTKLARE: Ragnhild Randal skal på vegne av vedvesenets prosjektleiar Henrik Schaathun (til v.) og bru- og tunnelselskapets leiar Øyvind Halleraker regissera folkefesten 30. april i nærvær av rundt 15.000 menneske med kong Harald i spissen.