— Det var ekstremt. Verre enn eg hadde trudd, seier Hjelland – kvitbleikt i håret, brun i fjeset og litt stiv i ganglaget. I går kom han heim til Bergen, etter å ha lagt bak seg 490 mil på sykkelsetet.

8. desember trakka han i veg frå Tunis i Tunisia. 18. januar var han framme i Lagos i Nigeria. Mellom der ligg Sahara-ørkenen. Så vidt han veit har ingen gjort turen før han.

— Eg visste at det ville bli voldsomt. Men eg greidde ikkje å forestille meg at det skulle bli så voldsomt, seier 32-åringen, som har vore langtur før: I 1997 sykla han like godt jorda rundt.

Veg- og lovlaust

Denne gongen var det vinden, varmen og sanden som var største utfordringa - i tillegg til steinkastande lokalbefolkning, korrupte politipatruljer og ein mage som ikkje tolte den lokale menyen. På delar av ruta fanst det ingen vegar å følgje. Ikkje gjekk det an å sykle over alt heller.

— Verste biten var frå Tamanrasset i Algerie til Arlit i Niger. Det var 69 mil utan tilgang til mat, vatn, hus eller folk. Men eg hadde marginane på mi side. Så vidt, seier Hjelland.

Med 40 liter vatn, brød, smelteost, kjeks og litt sjokolade la han ut på den lov- og veglause ørkenstrekningen.

— Eg hadde fem døgn på meg. Var eg ikkje framme i Arlit på den tida, visste eg at eg ville tørke inn som ein rosin, seier læraren.

Slapp å drikke urinen

Lange bitar måtte han bere den 80 kg tunge sykkelen gjennom sanddynene.

— Dei var botnlause. Eg kunne bruke ein time på 200 meter. Det verste var når dei svarte tankane kom – når eg kjende at krampa var undervegs og at eg hadde mest lyst til å gi opp, seier 32-åringen.

Om nettene låg han i telt.

— Då kom lydane. Banking, djupe smell, skraping mot teltduken. Eg stod opp og gjekk ut, men det var ingen der. Dei seier at når kulda kjem om natta, står spøkjelsa opp i Sahara, seier Hjelland.

Med GPS-navigering og seig vilje kom han seg gjennom det veglause området. Vatnet rakk så vidt, og han slapp å drikke sin eigen urin. Den han hadde samla opp under vegs for å reinse og drikke i naudsfall.

To timar etter at han var framme, kom sandstormen. Han varte i åtte dagar.

— Eg veit ikkje om eg ville gjort dette igjen. Eg vil i alle fall ikkje anbefale det, seier 32-åringen.

KVAR ER EG NO..?Helge Hjelland navigerte med GPS for å finne fram gjennom den veglause ørkenen.
FOTO: HELGE HJELLAND