Norsk Rikstoto var i fleire månader klar over at det var spelt på kreditt før dei til slutt valde å slå Solheims selskap konkurs. I staden for umiddelbart å stengje speleterminalen, inngjekk dei hemmelege gjeldsavtaler med kommisjonæren i eit forsøk på å halde drifta i gang og få inn att pengane.

Norsk Rikstoto har heile tida nekta å uttale seg om desse avtalene, blant anna fordi dei har frykta at andre kommisjonærar kunne bli freista til kredittspel dersom dei skjønte at det gjekk an å få tilgjeving. Norsk Rikstoto tenkte seg også om i fleire månader før avgjerda om å melde saka til politiet vart tatt. — Det er styret i Norsk Rikstoto som har bestemt at saka skal meldast, seier direktør Erik Mietle i Norsk Rikstoto.

Selskapet arbeider med å leggje om rutinene etter spelefadesen i Bergen, med strengare kontroll av kommisjonærane og hyppigare innbetaling av omsetjinga til Rikstotos konto.

— Vi føler at det er viktig å gje eit signal om at vi ikkje aksepterer det som har hendt i denne saka. Vi har ikkje råd til å gå på slike tap, seier Mietle.