Fem minuttar etterpå seier han at eit toprissystem kan me ikkje gå inn på av di dette vil råka einslege og eldre som bur i store leilegheiter eller hus med lita moglegheit til å varma opp med anna enn elektrisitet.

Det er såleis heilt i orden for statsråden at ein ekstremt høg pris råkar desse?

Og mange er borte på arbeid om dagen så dei kan ikkje springa heim og leggja i ovnen kvar time! Skal dei då ikkje kunna ha på litt elektrisk om dagen vert romma iskalde og tunge å varma opp.

Er det ikkje slik at denne straumkrisa er eit ufint høve til å dra inn kjøpekraft, det er då staten som får det meste både direkte og indirekte.

Arne M. Raknes