Han er leiar for UNDP, utviklingsprogrammet til Dei Sameinte Nasjonane (SN). Tusenårstoppmøtet til SN i 2000 sette opp høge mål for kva som må gjerast — få ned barnedødstala, stogga smittsame sjukdomar, sikra skulegang og reint drikkevatn for alle, mellom anna. Det vil vera til beste for freden og tryggleiken i verda, men vil også løna seg reint økonomisk, skriv Brown.

Men det kostar 50 milliardar dollar.

Eg har ikkje finrekna på det, men er ikkje dette om lag like mykje som det norske oljefondet? Desse pengane får me jo ikkje lov å nytta sjølve, og fram til dei (i ei fjern framtid) skal nyttast til pensjonar, kan dei like godt vera spelte vekk på børsen. Slikt har hendt før. Og i mellomtida er dei brukte til å laga landminer og anna morosamt.

Lat oss heller gje vekk alt saman til Kofi Annan og hans folk i SN, til ein skikkeleg innsats mot fattigdomen i verda. Så er det i det minste nokon som får litt glede av dei pengane som tilfeldigvis ligg der ute i havet vårt.

Oss nordmenn er det no elles ikkje så farleg med - om den fossile verdsøkonomien held fram som før, har me om få år ein like stor pengebinge att, som me framleis ikkje veit vår arme råd med.

Øystein Skjæveland