Før om åra var det ei glede å få undervise i kristendomsfaget; kunne fortelje barna om Jesu liv og gjerning, med inspirasjon og glød, syngje frå salmeskatten vår med frimod og overtyding. Vi var stolte over å kunne formidle og bringe vidare til barna den viktige sida av kulturarven vår.

Dei kristne grunnverdiane og det grunnfjellet heile det norske samfunnet kvilar på. Etter kvart som barna vaks opp, synte det seg for mange av dei, at salmevers og skriftstader skulle vere til uvurderleg hjelp, når livet kunne vere vanskeleg å leve.

«Den som trur på meg...», «Alltid freidig», «Fadervår» m.fl. sat som spikra i barnehugen, og eg tør hevde at ikkje ein av dei tok skade på sjela si, då dei lærte desse gullkorna å kjenne. Barnetrua på noko som heldt mål, var av det viktigaste elevane fekk med seg i livet.

Det er synd på den læraren som i vår tid tør å seie noko fordelaktig om det som før var god, kristen skuletradisjon. Med ein gong vert han skulda for diskriminering av islam, hinduisme, buddhisme, jødedom, humanetikk, og elles alt som er av ting det går an å putte inn i eit barnesinn. Ingen stiller spørsmål om korleis alt dette som er «like bra» verkar som kaos i eit barnehovud. Vi har lagt oss paddeflate for all verdas religionar og ditto fikse, moderne, gudsfiendtlege tankar og idéar.

Grunnfjellet vi hadde bygd opp det norske samfunnet på, held på å få alvorleg osteoporose, og smuldrar snart vekk under beina våre.

«Vil eg finne trua på jorda når eg kjem att?» spurde Jesus, like før han drog ifrå oss.

Barna er framtida i Noreg. Vi som skal hjelpe dei på vegen mot eit liv som gode, vaksne borgarar, vi har eit stort ansvar. Ikkje minst med tanke på å føre vidare dei verdiane landet vårt byggjer på. Og vi ser at dei kristne privatskulane veks opp over alt. Det er ikkje det minste rart, slik som kristendommen har fått ein etter kvart ynkeleg plass og presentasjon i KRL-faget.

Om ikkje vi tar heile det fagkomplekset til alvorleg revisjon — i kristendommens favør -, kjem norsk offentleg skule til å bidra til eit kaldt, norsk samfunn, med menneske utan tru og røter, håp og visse, og med bagasjen full av fleirkulturelt og fleir-religiøst kaos.

Lat oss få att kristendomsfaget slik det var, før all verdas tankespinn fekk innpass i det, og lat lærarar som har gløden (om dei framleis finst?) få ta hand om undervisninga. Og dei som ønskjer annan trus- og livssynsopplæring, kan gå til grupperom og få sitt der, av forstandarar, imamar, guruar og andre frå eigne rekkjer.

Av Terje Haugom,

Rådal