Saka vart utsett gong på gong, men den 27. mars 2001 fekk ungdomsskuleelevane frå Salhus gratis busstransport til og frå skulen, pga. særleg farleg skuleveg.

Det er fire punkt langs skulevegen som er farlege:

Tellevikvegen: Dette er ein veg med berre ei køyrebane, manglar fortau + at vegen er uoversiktleg.

Salhushallen til Nygård: Har også smal vegbane og heller ikkje fortau. Her går det ikkje an å trakke utanfor vegen, fordi på den eine sida er det stupbratt ned og det er ein rett fjellvegg på den andre.

Ranten: Det går ofte ras, steinar fell ned frå ei høg fjellside. Spesielt når det er mildt vær og regn, og spesielt når isen tiner.

Labergsvegen: Den har smal vegbane og er utan fortau. Dårleg belysning og er ei aude strekning.

På grunn av dette fekk elevane busskort og vi var trygge.

På møte i bydelsstyret den 11. februar 2002 har politikarane våre bestemt at vi ikkje skal få busskort frå hausten 2002. Dette går ikkje an, dei har ikkje sikra vegen på nokon som helst måte. For bydelsstyret kostar det 104.000 kr pr. år, og dette utgjer 0,02 prosent av pengane dei skal fordele.

Vi meiner at våre liv må vere verdt 104.000 kr pr. år! Dette bør dei betale fram til vegen er heilt trygg, på alle dei fire punkta.

Det blir heilt feil å fyrst gje oss busskort, og på mindre enn eitt år ta det frå oss igjen utan å ha gjort noko med vegen.

På same møtet gjorde bydelsstyret også fylgjande vedtak:

«Bydelsstyret ber administrasjonen rette henvendelse til rette veimyndighet, med forespørsel om å få rasfaren ved Ranten i Salhus vurdert, samt om det foreligger planer for rassikring av strekningen Salhus-Ranten.»

Det seier fyrst at vegen er farleg og gjev oss busskort, dei seier så at vegen ikkje er farleg. Deretter vil bydelsstyret ha vurdert om vegen er farleg. Korleis kan det ha seg??? Ingenting er jo blitt gjort med den farlege vegen, den er visst berre blitt trygg.

Når dei meiner han er så trygg, kvifor må dei då ta henvendelse mot vegmyndigheten?

ANNE AASEN OG HILDE THOMASSEN I KL. 9B PÅ MARIKOLLEN SKOLE