Opplæringslova slår fast at «I andre fag enn norsk kan det berre brukast lærebøker som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris.» Me krev at utdanningsminister Kristin Clemet ordnar opp slik at både bokmåls— og nynorskelevar får lærebøker på språket sitt til hausten!

Opplæringslova har vorte praktisert ved at produksjonen av parallellutgåver (utgåver på nynorsk og bokmål) av lærebøker til grunnskulen og den vidaregåande skulen har vore ein dugnad mellom forlagsbransjen og staten.

Staten har stilt krav om parallellutgåver i alle fag med årskull over 300 elevar mot å gje tilskot til parallellutgåver i fag med under 5000 elevar. No har Utdaningsdepartementet slutta å løyva pengar til parallellutgåver av nye lærebøker, og har dimed einsidig brote denne avtalen. Utdanningsdepartementet og utdanningsminister Kristin Clemet set heile parallellutgåveretten i fare, i fyrste omgang for dei små og mellomstore faga i den vidaregåande skulen.

I 2000/2001 kom det to nye studieretningar i den vidaregåande skulen: media og kommunikasjon og sal og service. På media og kommunikasjon vert det brukt eit læreverk som er gjeve ut av Gan forlag og som berre finst på bokmål.

Dette læreverket vert òg brukt på nynorskskular. Sjølv om ein har rett til å velja hovudmål på vidaregåande, vert altso nynorskelevar i praksis tvinga til å ha bokmål om dei vel media og kommunikasjon som studieretning. På sal og service er det uvisst om det kjem til å verta prenta nynorskutgåver av VKI og II-bøker til hausten, dersom det ikkje vert gjeve stønad.

Setninga «I andre fag enn norsk kan det berre brukast lærebøker som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og pris» er der for å sikra språkleg rettferd i skulen, og for å sikra lik rett til utdaning for bokmålselevar og nynorskelevar. Me krev at Kristin Clemet syter for at opplæringslova vert fylgt ved å halda fram løyvingane til parallellutgåver av lærebøker!

Av Sunniva Schultze-Florey,

leiar i Bergen Målungdom