For eit par tiår sidan kjende eg litt til ein flittig bar— og restaurantgjest i Bergen. Han kalla konsekvent afrikanske menn for boy, men det var eit emne som han ikkje brukte mykje tid på. Derimot var han nokså ordrik når han skulle kome med karakteristikkar om folk han ikkje likte, og det var mange. Han hadde ein dominerande veremåte, som gjorde at han blei lite motsagt av folk som sat ved same bord, og som lytta til fargerike og vondsinna ord om dei han ikkje likte. Den gongen forstod eg ikkje kva kapasitet eg hadde attmed meg, eg tykte at det eg høyrde var primitivt og lite verdt. Eg fekk inntrykk av at det var fleire som var like einfaldige som meg sjølv. Det demra ikkje for folk at dei hadde med ein topphumorist å gjere. Så ille stod det til med oss. Me visste ikkje at dette var humor eingong, hadde ikkje peiling på at topphumor skal vere skikkeleg vondsinna. Det verste var at det faktisk gjekk andre slike elitekunstnarar rundt, ubetalte og med eit fåtalig og evneveikt publikum som ingen ting forsto. Me må ta vare på slike som Jespersen, Bård og Harald. Slike misforståtte kunstnarar kan me finne heilt ned i tidleg barnealder. Dei må få ro til å utvikle seg, sleppe å oppleve kritikk og sutrete omgjevnader.

STEINAR ÅSMUL, SØRBØVÅG