— Men det føreset at dei som er sett til å gjennomføra reforma er både dugande og uredde. For målsettinga er svært ambisiøs, seier Wegner til Bergens Tidende.

Styresmaktene vil med samanslåinga av politidistrikt frigjera 450 stillingar til operativ teneste. Meir politi ut på gata for å fakka kjeltringar, er slagordet.

— Men er det då hjelp i å fjerne ein populær politimeister frå gatebiletet i Bergen og plassera han på eit kontor i Oslo?

— Du kan så seia. Men no er det 41 år sidan eg patruljerte i gatene - i Ålesund. Dessutan vil ikkje alle dei 450 bli synlege på gata. Det trengst ein del folk på etterforskingsleddet også.

— Men er det hjelp i etterforsking, når det ikkje er plass i fengsla, som tidlegare var ditt domene?

— Det må vera balanse mellom dei ulike ledda. Akkurat no er det for få fengselsplassar.

— Blir fengsel ny vekstnæring?

— Eg vonar ikkje det. Dagens situasjon botnar ikkje berre i aukande kriminalitet. Saker hoper seg opp, og fengselsutbygginga er komen i bakleksa, hevdar Wegner.

Han minner om at politiet står fremst i rekka og blir ropt på først. Dei andre har lett for å bli gløymt. Men den pågripne skal etterforskast, påtalemakta skal reisa tiltale, domstolen skal døma, og fengsla skal gjera sin jobb.

— Andre flaskehalsar?

— Blir omlegginga av politiet vellykka, så skal det bli meir etterforskingskapasitet. Det neste må bli domstolane, der det er knapt med dommarar i lagmannsrettane, no som det er blitt lettare å få sakene prøvt i to instansar, seier Wegner.

DUGANDE OG UREDDE: - Dei som skal gjennomføra reforma må vere både dugande og uredde, seier politimester Rolf B. Wegner, som no er på veg til Oslo.