EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bergens-tidende.noHamnesjef Odd Einar Mæland i Karmsund havnevesen ga etter nyttår klar beskjed om at han og Haugesund kommune ville dra Nomadic Shipping for retten dersom reiarlaget ikkje frivillig ville fjerne vraket av "Green Ålesund". No har pipa fått ein annan lyd. Pengane brukt opp — Vi i hamnevesenet har truleg ikkje ei spesielt god sak, fordi vraket berre er delvis til hinder for sjøtrafikken i området, seier hamnesjef Odd Einar Mæland.Han har sendt eit pålegg til Nomadic Shipping om at dei må fjerne skipet. Dersom reiarlaget ikkje føyar seg, tviler Mæland på om han vil forfølgje saka i retten.- Vi fryktar at det vil vere spilte pengar, seier hamnesjefen.Nomadic Shipping betaler i alle fall ikkje frivillig. Dei meiner totalansvaret deira er avgrensa til 13 millionar kroner i sjølova. Dette er på ingen måte nok til å få fjerna vraket - berre oppryddinga etter oljesølet har allereie kosta minst 23 millionar kroner. Vil gi plager - Vårt standpunkt om avgrensinga ligg fast, seier administrerande direktør Erik Thulin i Nomadic Shipping.Heller ikkje Haugesund kommune er innstilt på å gå til sak mot reiarlaget.- Det er ein lite aktuell veg å gå for oss, seier kommuneadvokat Åsmund Storhaug. Haugesund kommune vender seg i staden til staten for å få bort skipet. I går sende dei eit brev om saka til Statens Forureiningstilsyn (SFT). Kommunen fryktar store miljø- og helseproblem i området når lasta på 3300 tonn frosen fisk rotnar. Fryktar forgifting To rapportar frå SINTEF i Trondheim og Fiskeriforskning i Tromsø konkluderer med at fisken vil tine i løpet av eit halvt til eitt år, og at dette vil medføre forureining, luktplager og dessutan gi nedbrytingsprodukt som kan tas opp av fisk og i neste omgang forgifte menneske."Et større luktproblem over lengre tid vil utgjøre et helseproblem for en del mennesker, for andre et trivselsproblem. () Det er ingen tvil om at det som i utgangspunktet er et trivselsproblem, fort kan gli over til et reelt helseproblem pga. langvarig søvnmangel, langvarig kvalmefornemmelse/hodeverk osv.", skriv kommuneoverlege Maarit Heino.

Forgiftingsfaren knyttar seg til stoffet histamin. "Histaminforgiftning hos menneske er kjent () etter inntak av bl.a. makrell og kan gi hudsymptomer, magesmerter, oppkast, diari foruten nervøse symptomer", skriv miljøvernleiar Stål A. Alfredsen, som også viser til at det bur 434 menneske nærare enn to kilometer frå havaristen. Fisk ut frå vraket SFT har dei siste dagane fått rapportar om stadig meir forureining frå havaristen.- Lukta er sterkare enn før, og det kjem stadig ut meir fisk, plast og pallar. Problemet er veksande, seier førstekonsulent Are Jacobsen hos SFT i Horten.Det blir Miljøverndepartementet som må avgjere om dei vil betale for hevinga av skipet. Ifølgje SINTEF-rapporten er det ikkje mogleg å fjerne lasta slik båten ligg i dag. SFT skal gje Miljødepartementet råd om kva som bør gjerast.- Vi håpar å dra ein konklusjon i løpet av neste veke, seier seksjonssjef Ottar Longva i SFT. SFT har innhenta grove kostnadsoverslag på kva ei heving vil koste.- Det er snakk om eit tosifra millionbeløp, seier seksjonssjef Longva i SFT.