— Han har jo sona dommen og gjort opp for seg, seier Gullaksen.

Ho ga mannen dei beste skussmål då ho vitna i lagmannsretten.

— Han var veldig grei å ha med på leir. Han brydde seg om barna og hadde godt lag med dei. Eg er heilt sikker på at om han hadde forbrote seg mot nokon av dei, så ville vi skjønt det på oppførselen til barna, seier Gullaksen.

Det var ho sjølv som bestemte at han ikkje fekk vere med på sommarleiren i 1996.

— Han ringde sjølv og fortalde kva som stod på. Då tok eg avgjerda om at han ikkje kunne vere med, seier Gullaksen.