Firda melder at sauebonden Bjørn Buttedal må betale for å levere veren sin til Gilde Vest, og nå gir han opp. Eg vil råde Buttedal og andre småbrukarar til å halde fram. Vi har vakne journalistar med oss. Kjøtet som bøndene må betale for å levere til Norsk Kjøtt — om dei fekk det som dei ville - vert seld i dei såkalla «billigkjedene» til over 200 kroner kiloen. Framleis er det ikkje verre enn at bonden vert kravd 15 kroner for å levere den vara som handelsmannen forlangar om lag 8000 kroner for. Då har eg rekna med at skrotten i dette tilfellet er skoren rein for feitt og har minka frå 49 kilo til omkring 37 kilo. Eg har ikkje kalkulert med at feitt og bein kanskje vert «vidareforedla» til dyrefôr eller anna som billigbutikken forlangar dobbelt så høg pris for.

Det nye denne gongen er at NRK Sogn og Fjordane greier å presse Norsk Kjøtt til å stadfeste at dei ikkje kastar sauekjøtet, men legg det på lager så lenge at alle omsetningsledd har gløymt at det nærast er som tjuvegods frå sauebøndene å rekne. Dermed har vi også fått forklåringa på kvifor fårepølsa til Gilde smakar så vondt at dei må spe ut med 40 prosent svin og hest som dei har sikra seg til slaktepris.

Nå er Norge billig nok, lat oss gjere landet verdt noe. I denne situasjonen er det sauebøndene som har størst sjanse til å overleve, dei har nemleg ingenting igjen å tape. Norsk Kjøtt og Gilde disponerer pengane og ekspertisen sin så dårleg at dei er på veg «rett vest». Deretter kan sauebøndene og andre leverandørar av kvalitetsvarer sjå framtida lyst i møte.

IVAR ORVEDAL