Det opplyser Arne Vablum i selskapet Luft Vann Natur Gjenvinning (LVNG) AS til Bergens Tidende. Etter kvart som tida går, blir teknologien betre og miljøulempene mindre. Blant anna krevst det ikkje meir enn ei 60 meter høg pipe på anlegget på Årskog, påpeikar Vablum. Etter det Bergens Tidende kjenner til, har LVNG knytt til seg ekspertise frå det amerikanske selskapet Covanta Energy, som i USA og Italia har 27 avfallsenergianlegg i drift.

— Trekk det tilbake

— Fitjar kommune bør trekkja heile saka straks.

Vi kan tola litt støy og støv saman med nye arbeidsplassar, men 30-40 jobbar mot å ta imot avfall frå heile Sør-Noreg godtek vi ikkje, seier Karl Gloppen (71), nabo til industriområdet der anlegget er planlagt, og medlem av Aksjonsgruppa mot forbrenningsanlegg i Årskog.

Aksjonsgruppa har blant Fitjars 3000 innbyggjarar samla inn over 1300 underskrifter mot energianlegget, som skal plasserast berre eit nes unna Fitjar sentrum.

Også Fylkesmannens miljøvernavdeling i Hordaland har innvendingar, det samme har fylkesrådmannen, bondelaget, fiskarlaget, Senterpartiet og SV i Fitjar.

100 arbeidsplassar

LVNG lovar rundt hundre arbeidsplassar knytt til anlegget, medrekna tilsette i transporten.

Energiverket er basert på over ein milliard kroner i investeringar, og mottak av 400.000 tonn hushaldsavfall årleg frå Egersund i sør til Kristiansund i nord, alt transportert med båt.

Til samanlikning brenn BiR-anlegget i Rådalen i Bergen årleg rundt 80.000 tonn avfall. Avfallsenergianlegget i Fitjar kan attvinna varme i tillegg til å produsera elektrisk straum nok til å forsyna 40.000 husstandar.

— Vi sparar norske kommunar for store investeringar ved å samla avfallsbrenninga på ein stad, seier Arne Vablum.

Fitjar kommune syr for tida saman uttalane etter at konsekvensanalysen for Årskog-anlegget har vore ute på høyring. Ordførar Agnar Aarskog (Ap) utelukkar at konsesjonssøknaden kan behandlast i Fitjar kommunestyre i år.

CO2 og Nox

Aksjonsgruppa i Fitjar meiner at anlegget er uakseptabelt både på grunn av utsleppa og det estetiske. Ein 30 meter høg fabrikk og ei 60-100 meter høg pipe vil vera synleg i ein stor radius rundt Årskog, blant anna frå Fitjarbygda.

Årlege utslepp av 116.800 tonn CO2, 364 tonn nitrogenoksid (NOx) , fem tonn svoveldioksid, tre tonn støv og fire kilo kvikksølv er ein altfor høg pris å betala for å få arbeidsplassane som LVNG tilbyr. Aksjonsgruppa argumenterer også med at forbrenningsanlegg er hovudkjelde til kreftframkallande dioksinar.