kronikk Av Bernt Kristiansen

Det var ei verd då og ei anna no. For det første er kravet til kapital og utrusting sjølvsagt større i dag, for det andre er konkurransen vorten internasjonal og for det tredje har politikarar og byråkratar sett opp ei hinderløype som må forserast gong etter gong. Og finst det ein lokal og lovande ressurs, kjem det offentlege til med krav om konsesjon og ekstraskatt.

Likevel dukkar det framleis opp etablerarar, folk med draumar og idear. Somme får det til, andre ikkje. Å byggja seg opp i «gamle» næringar, rein produksjonsverksemd, er nok det vanskelegaste. Det gjeld om å finna nisjer særleg innanfor tenesteyrke og trender. Det er kan henda ingen veg utanom denne utviklinga, men det er trist at til dømes skogen ikkje lenger kan hoggast (import er billegare) og at trevyrke ikkje lenger kan foredlast lokalt (dyr arbeidskraft).

Spørsmål: Er det mange nok som vågar å realisera draumane sine – slik at nye verksemder kan veksa fram?

Må etablerarar ha attåtarbeid?

Er det fare for at etablerarar i for stor grad må stø seg på arbeidsinntekt frå ektemaken?

Må etablerarar i større grad enn før rekna med konkurs og personleg ruin?

Risikerer vi at vi som nasjon utviklar for lite nyskaping?

Leiaren for Bjørnefjorden Næringsutvikling, Tor Helge Eiken, seier at ideen sjølvsagt bør vera god, men at det i stor grad er personen bak ideen som er avgjerande for om eit tiltak skal lukkast eller ikkje. Den som skal vinna fram må vera uthaldande, sta og optimistisk nesten til det urealistiske.

Dessutan trengst gode rådgjevarar og vegvisarar; for det å kjenna eit produkt eller ein marknad er ein del av grunnlaget – resten kan vera ein jungel av lover og reglar.

Tidlegare kunne ei kjellarbedrift byggjast opp til industriverksemd innanfor tradisjonelle område som til dømes i mekaniske fag. Denne vegen er i vår tid mykje godt sperra på grunn av konkurranse, kapitalbehov og rigid regelverk. I tillegg kjem distriktsproblematikken. Ei bedrift inst i Lygrepollen i Fusa får frå Staten same økonomiske vilkår som ei tilsvarande i Bærum. Utgifter – som til transport – kan vera dramatisk høgare.

I det tenesteytande samfunnet er det mykje lettare å etablera seg, men svært vanskeleg å få til økonomisk forsvarleg drift. Verre blir det til sommaren når det kjem moms på toppen av alle prisar. Dette er ein 24 prosents ekstraskatt som går direkte på arbeidet – ikkje på meirverdiauke. Ein konsulent med personleg firma vil då ha kring 25 øre att for kvar krone i omsetnad.

Det løner seg med andre ord dårleg å gå i gang. Og dersom ein kjem over første kneiken og skal vurdera utviding, møter ein nye, prohibitive hinder. Å tilsetja folk er eit tungt ansvar og ei svær økonomisk bør. Mykje av grunnen er eit godt og sunt forsvarsverk bygd opp kring arbeidstakaren, men på toppen ligg arbeidsgjevaravgifta og ein veksande del av sjukelønsordninga.

Vi har ein ny økonomi, og vi har ei ny næring i IT. Ja visst. I dei seinaste åra har vi sett ei sann bløming av nye tiltak. Vi har sett tenåringsidear som har skapt formuer på børs, og som sidan har falle saman. Problemet er at mange av desse tiltaka ikkje har substans, berre eit namn og ei internettadressedotcom. Mange «gründerar» har tent millionar, meir på grunn av satsing enn innsats.

Tor Helge Eiken kallar dette eit pyramidespel der mottoet er: raskt inn – raskt ut. Vi har fått ein økonomi som vurderer gevinst høgare enn løn.

Teknologien, datamaskiner og raske nett, er i seg sjølv prima; på mange måtar avgjerande og livsviktig for det moderne samfunnet. Ein av dei første revolusjonane på området skjedde innanfor grafiske fag.

Der ein før trong eit bygg på fleire hundre kvadrat og ti–tjue tilsette, kan ein flytta inn på eit lite kontor og ha eit komplett setteri, komplett mørkerom og komplett arkiv i ein liten boks. På felt etter felt ser vi same utviklinga, og den legg til rette for rasjonalisering og ikkje minst for heimekontor-ordningar og desentralisering.

Det er berre det at magnetfeltet byen, særleg Oslo, er sterkt.

Hovudstaden får – sjølvsagt – det nye IT-senteret (Fornebu), på same måten som dei fleste andre nye kontorarbeidsplassar offentleg og privat. Dermed vert også ringverknadene eit hovudstadsfenomen.

Sentraliseringstanken er sterkare enn incentivet til desentralisering som ligg i teknikken. Sentrale strok, særleg Oslo, får enorme «subsidiar» i form av offentlege kontor og aktivitetar. Effekten er sjølvforsterkande. Premissgjevarane sit i Oslo-gryta og lagar rammeverk. T.d. verkar det som om skattar på drivstoff og transport er fastsett ut frå transport— og tenestenivået i hovudstaden.

Litt nostalgi: Fram til 1900–1950 hadde vi kjeder av yrke gjennom generasjonane. Handverk og handelag gjekk frå far til son eller mor til dotter. Vi er ferdige med den tida, men det er grunn til å tenkja over kva tradisjonen hadde å seia for kompetansebygging, verdsetjing av ressursar og ikkje minst for busetjinga. Det finst mange døme på at unge menneske i slike læresituasjonar utvikla evner til problemløysing samstundes som dei fekk innsyn i eit fag. På våre arbeidsplassar er tilsvarande opplæring vanskeleg, ofte beint fram forbode.

Eit godt skuleverk, gjerne supplert med lærerik leik på pc, kan bøta mykje på det vi har tapt. Faktisk har vi ikkje noko val sidan vi ønskjer at ungdomen skal meistra fag som vi andre snaut nok har høyrt om.

Diverre ser det ut til at skulen utviklar seg langs to uheldige liner: For det første skjer det ei nivellering for at flest mogeleg skal koma gjennom med brukbare papir, for det andre overskyggar teori meir og meir praktisk forståing. På denne måten blir både dei teoretisk og dei praktisk flinke haldne i taumar og tvinga inn mot det store gjennomsnittet.

Dersom vi trur at landet treng pågangsmot, initiativ og mange næringsetableringar, er skuleverket på ville vegar. Vi burde læra dei unge at investering i eigne evner gjev løn (og kan henda gevinst innimellom), og vi burde gje vekstvilkår både for teoretikarane og praktikarane.

Rett nok skal mykje av næringsutviklinga framover skje via kabel, men vi treng også dyktige folk til å produsera og grava ned kabelen.