Aksnes har levert oppseiing til styret og gjekk av som generalsekretær i helga. Landsstyreformann Jan Paus seier til Kystradioen at han beklager oppseiinga og peikar på at landsstyret ikkje har hatt mistillit til generalsekretæren. Også økonomiansvarleg Arne Martin Engelsen har sagt opp stillinga si og går av etter landsstyremøtet i oktober. Konstituert som ny generalsekretær er misjons— og velferdssekretær Kjell Sønstabø. Det var etter landsstyremøtet i april då det vart føreslått å fusjonere Den Indre Sjømannsmisjonen med enten Normisjon eller Indremisjonsforbundet at uroa i organisasjonen starta.