Det er viktig å presisere at i denne opne marknaden med kjøp og sal er gass— og vasskraftlandet Norge nettoimportør av elektrisitet på årsbasis.

Det verste i denne situasjonen er at gamle, nedlagde svenske og danske kolfyrte kraftverk utan moderne reinseanlegg blir starta opp på nytt og spyr ut store mengder svoveldioksid (SO2) pluss kvikksølv og andre tungmetall. Eit einaste dansk kolfyrt kraftverk brenn opp pr. dag 10.000 tonn kol som inneheld rundt 2 prosent svovel. Dette gir 400 tonn SO2 pr. dag!

Det meste av dette får vi til Norge heilt gratis med sørvestlege vindar! I dag brukar Norge om lag 100 mill. kroner pr. år til kalking av innsjøar og vassdrag for å bøte på skaden av sur nedbør.

Gasskraftverk gir ikkje SO2 og produserer dessutan elektrisk straum som slepp ut langt mindre CO2 og NOx-gassar pr. kWh i høve til kolkraft. Vi har nok gass til 140 gasskraftverk - og mange blir bygd, men diverre ikkje i Norge!

EINAR SLETTEN