CO2 er sjølvsagt livsviktig for autotroft liv, og inngår som komponent i fotosyntesen. Men alt er snakk om mengder. Det som stimulerer syntesen av sukker, kan også ha uønska verknader: Meir drivhuseffekt enn det ønskeleg er. Slik er det også med det viktige vatnet. Vi har ikkje godt av å drikke ein hektoliter pr. dag.

Deponering av CO2 på havbotnen gir oss den svake karbonsyra (H2CO3) i første omgang, og denne verkar knapt forsurande, fordi havvatnet er så sterkt bufra, og mykje av deponert CO2 kan etter kvart inngå både i organisk materiale og i karbonat (kalkfelling).

CaSO4 i gipsplater er eitt bruksområde. Eg nemnde også bruk som gjødsel og jordforbetring. Likevel kan det vere at vi får ein overproduksjon av CaSO4, og dette er eit problem vi slit med i mang ein industriproduksjon: Svikt i massebalanse ved framstilling av fleire produkt. Dette har eg ikkje tatt stilling til, men berre sett på prinsipielle og aktuelle bruksområde i staden for tvungne deponi.

Bruk av kol frå Svalbard er eit politisk spørsmål, men skal ein først bruke kol, er steinkol frå Svalbard reinare enn brunkol på Kontinentet. Men gass er sjølvsagt betre enn kol, og i tettfolka område vil varmen i spillvatnet utnyttast aller best.

Av nordbuarane er til dømes svenskane langt flinkare enn oss til å økonomisere med energien.

Av dr.scient Karl-Jan Erstad, Rådgivande Agronomar AS, Korssund i Sunnfjord