«I desse nedgangstider», les eg i annakvar avisartikkel om dagen, men eg veit ikkje kva eg skal tru. Sjølv kjenner eg meg god og mett etter jula og heng med til nachspiel på kjøpefesten. Likevel held avisene knallhardt på sitt: «Nedgang på børsen, svikt i annonsemarkedet, lavkonjunktur.» Salsdirektør Thomas Øvreseth i Jaguar Norge er ein av dei som no har gått ut og bekrefta dei dårlege tidene overfor Af-tenposten. Folk har gått over til å kjøpe Jaguarar i 535.000-kronersklassa, frå å kjøpe Jaguarar i 900.000-kronersklassa, som dei gjorde i fjor. Situasjonen er med andre ord så alvorleg at folk flest burde skjelve litt meir i buksene sine. I det minste burde vi vise større solidaritet og medkjensle dersom vi ikkje er blant dei hardast råka sjølv. Eg, til dømes, har til dags dato ikkje hatt råd til å kjøpe verken bil eller båt, så eg vil ikkje merke den store forskjellen. Det vil ikkje Sputnik heller. Sjølv om han er offer for dårlege tider i lastebilbransjen, har han så mange talent at han heilt upro-blematisk kan skifte beite. Nyleg lanserte han boka «Sputnik — sjokoladekake og melk på tanken» om sitt fargerike liv. Og slik rullar hjula vidare. Det gjer også hjula til dei som er serious rich. Dei kan alltids hente fram nokre gamle skranglepengar når det røyner på. Dei lar seg ikkje vippe av pinnen av ein og anna konjunktursving. Det er dei andre vi burde bekymre oss for.

Fett nok i magre tider

Ei ulykke kjem som kjent sjeldan åleine. I desse nedgangstider går tankane mine til alle dei som har ete seg smellfeite i tidlegare velmaktsdagar. No må dei ikkje berre kutte ned på ka-viar og trøffelforbruket sitt, dei må skjære ned på slankeutgiftene òg. I fjor brukte nordmenn 400 millionar kroner på å slanke og suge bort velstandsmagar og ridelår. Det kan bli tøft for mange å nedprioritere slankinga, med mindre tidene blir så dårlege at folk blir naturleg tynne igjen. Då kan dei faktisk spare utgifter til både mat og dyre slankepreparat. I praksis vil dei tene masse pengar - og samtidig matche vekta til Ally McBeal. Alle kan prise dei dårlege tidene, bortsett frå Celina Midelfart. Som styreleiar og eigar i Midelfart & Co, vil ho sjølvsagt merke nedgangen i sal av slankekuren Cambridge og slankepilla CLA, den som på mirakuløst vis gjer feitt om til musklar. Hadde det ikkje vore for alle dei gamle pengane i familiekonsernet, ville det ikkje vore like greitt å vere Celina i dag, men det er meir enn greitt å vere Celina, og vi burde rette omtanken vår andre stader.

I gode tider, som er det motsette av det vi opplever no, går dei nyrike straks til innkjøp av ein Ferrari eller tre. Salet av desse bilane vaks i same tempo som tilveksten av dotcom-millionærar for nokre år sidan. Ser du ein Ferrari på vegen, er sjansen stor for at du har med ein nyriking å gjere, og då er det berre å stoppe opp og gispe imponert over synet. Nyrikingen rekk kanskje å kjøpe seg ein eksklusiv leilighet og nokre hytter også før konjunkturane svinger seg ned att. Og har pendelen først snudd, er det ikkje anna utveg enn å selje alle dei fine tinga, flytte inn att i burettslaget og levere lottokupongen på lokalbutikken kvar laurdag. Med andre ord: eit tilvere ikkje heilt ulikt det dei fleste av oss har. Og som tidlegare konkludert: det er trass alt ikkje oss det er verst for.

Kick av dårlege tider

Ein skulle tru det var verst for auksjonærane, dei som baserer drifta si på hammarslag og feite setlar. Og ganske riktig bekrefter auksjonær Hans Richard Elgheim at det svingar i bransjen: «Når en elite er ferdig med å innrede alle hyttefeltene på Hafjell, er det ikke meget igjen av toppmarkedet,» seier han til Dagens Næringsliv. Tatt i betraktning at denne eliten er synonym med dei som er serious rich, veit vi at desse har ein tendens til å greie seg i kriser. Og når vi samtidig veit at desse, etter å ha kjøpt og innreidd eigne hytter, tek til å kjøpe hytter til barn og barnebarn, har Elgheim tvert imot lyse tider i sikte: Så lenge det finst gamle pengar i omløp, vil det alltid vere hytter som treng ein liten oppshining med handfaste verdiar som kunst og antikvitetar. Det er større grunn til å uroe seg for finanshaiane. Dei fleste verdiane deira flyt rundt i aksjemarknaden og har ein tendens til å bli borte like fort som dei kjem. Spørsmålet er berre om verdiane faktisk blir borte eller om dei berre forflyttar seg? Finanskjendis Øystein Stray Spetalen veit svaret. Som ein av mennene bak selskapet Aktiv Kapital håver han inn millionar på å spekulere i kjøp av misleghalden personleg gjeld. For desse gutane er dårlege tider så gode tider, at dei faktisk blir steinrike og til og med får eit aldri så lite kick av det, i følgje Dagbladet.

Lågkonjunktur eller lågkultur?

Vi må visst gå til avisene for å finne dei store taparane i denne økonomiske krisa. Og då tenker eg ikkje først og fremst på avis-boda. Som følgje av svikt i annonsemarknaden vil dei tvert imot få ein mykje lettare jobb med å levere dei tynne avisene etter at all reklamen fell ut. Og lesarane, dersom nokon skulle slumpe til å tenke på dei, vil også bli kjempeglade for aviser med meir redaksjonelt stoff enn reklame. Eg er ikkje så veldig bekymra for journalistane sine jobbar heller. Dei flest vil straks etter oppseiinga bli hyra inn att på vikariat, noko som er vanleg praksis i alle andre bedrifter. Eg syns mest synd på dei store konserna som eig avisene, til dømes Schibsted. Greitt nok har Schibsted flust med pengar, sikkert meir enn nok til å drive Aftenposten med mindre overskot i dårlege periodar før dei uunngå-elege nye oppgangstidene kjem. Men no er det eingong ikkje slik Schibsted har tenkt. Schibsted har tenkt at dei tvert imot skal ekspandere til internasjonale marknader og har snart brukt alle pengane sine på gratisaviser på kontinentet. Dette går vel under omgrepet «frisk satsing» ý å satse på gratisaviser, som åleine lever på annonseinntekter, i tider med markant annonsesvikt.

Sjølv om sviktande annonseinntekter er direkte årsak til at fleire aviser kutter viktig kulturstoff som bok- og kunstmeldingar, er vel ikkje det så ille? Når nye oppgangstider kjem, og kulturen ligg brakk, vil Sputnik framleis vere der med ei bok, eller ein sang, og løfte oss alle opp til nye høgder.