RAGNHILD HOV Ragnhild.hov@bt.no Dalsøyra, Gulen— Eg synest det er like greitt. Eg likar gammaldagse folkemøte, eg, seier Jan Petersen til BT.Ordet held, når bodskapen er god nok.Og gammaldags folkemøte vart det då Høgre-leiaren kom til Dalsøyra Samfunnshus i går kveld. Ramma var nøktern, men likevel inkluderande som det heiter på fint. Med tid for småprat, kaffi og kringler i pausen.På samfunnshuset var det verken krystalllysekroner, perlekjeder, foldeskjørt, mørke dressar elle anna glitter som vitsemakarar likar å knytta til høgre. Nesten ikkje ungdom Nei tilhøyrarane kom i høvelege fritidsklede, ei litt fin bukse, ein høveleg genser og joggesko. Slike klede som bygdefolk gjerne brukar når dei møtes ein kveld midt i veka. Mellom dei 60-70 tilhøyrarane, var det mest menn, dei fleste over førti. Skal vi tippa, var det knapt nokon under tjue år.Og ved fyrste augekast skilde heller ikkje hovudpersonen sjølv seg særleg frå den litt trauste, men joviale forsamlinga som venta på samfunnshuset.Men ingen er i tvil om at Petersen er i strålande humør.- Eg har nett fått slike gode nyhende, betrudde han BT før han gjekk framom forsamlinga.- I morgon kjem det ei meiningsmåling som viser at vi har nådd 30-tallet. No gjeld det å ikkje selja skinnet før bjørnen er skoten. Litt seinare seier han til forsamlinga:- Eg vert stadig åtvara mot å vera for blid og stråla for mykje. Men no er det vanskeleg å halda seg. Og den sindige forsamlinga drog på smilebandet. Dette likar dei å høyra.Petersen snakkar utan manus i forsamlingar som den på Dalsøyra i går kveld. Bodskapen er klar og tydeleg. Han har lært leksa utanatt. Lågare skattar og ein skule der elevane lærer noko. Pluss eit lite innleiande avsnitt med om distriktspolitikk og samferdsle.Og etter pausen lova han at Høgre vil bruka dei pengane som trengs for å byggja Stadtunnel. Det er ein beskjed han veit går rett heim blant tilhøyrarane.- Eg likar meg på landet eg, svarar Petersen på BTs spørsmål om kvifor han vel å halda folkemøte i ein liten landsens kommune med 2500 innbyggjarar. Lett å selja Høgre - Spesielt er eg glad i å reisa langs kysten. Eg trur det er lett å selja Høgre-politikk til folk der. - Dette var gode ting, smiler Karl Mjømen. Han var ein av dei som nytta høve til handhelsa på Petersen i går kveld. - Men så eg vore Høgremann i alle år og, eg.