Den 90 år gamle nyklassisistiske bygningen har sidan i vinter gjennomgått ei omfattande inn-vendig restaurering til 600.000 kroner. Snart kjem flyttelasset til Svein Arne Theodorsen, kona og dei tre borna. 12. august blir han innsett som sokneprest i Stord og prost i Sunnhordland. — Vi har ikkje funne original-teikningane, så vi har måtta gå varsamt fram, blant anna ved å skrapa oss ned gjennom seks målinglag for å finna dei auten-tiske fargane, seier Bjørn Arve Lunde, bygningsvernkonsulent i Sunnhordland for fylkeskonservatoren i Hordaland. Han har leia restaureringsprosjektet på Tyse. Mellomtittel - Vi har prøvt å attvinna den gamle, verdige stemninga i huset, seier Lunde og viser rundt i hovudsalen med brunt golv, lyseblått tapet laga av Elsa Rønnevig, olivengrøne dørar og ly-segrått listverk. SPISESTOVA har gulmåla vegger og dør ut til verandaen, privat-stova er lysare og lunare med Rønnevig-tapet i blått og grått. Kjøkenet går i signalgult, badet i blått. Utomhus har gartnar Kjetil Lønning fjerna villvegetasjon og planta nye rose- og frukttre. Bjørn Arve Lunde meiner hu-set er bygt i 1912-1913 utan innlagt vatn og straum. Han trur òg at det har vore kaldt i huset, der det i førstninga blei spreng-fyrt i minst tre vedomnar. Omstridd prestegard frå 1648 Mange undrar seg over at pre-stegarden på Stord ligg på Tyse, tre kilometer frå kyrkja, fire km frå Leirvik og ein km frå sjøen og Rommetveit. Forklaringa står å lesa i Stord bygdebok. Den mektige Bernt Orning kjøpte i 1648 den dåve-rande prestegarden Nedre Åd-land ved Stord kyrkje og plas-serte den nye prestegarden i utmarka på Tyse. Det trekket gjorde Orning til ein lite omtykt mann i prestestanden. Presten Peder Olsen klaga ofte over makeskiftet og meinte Tyse «ligger saa høyt til fields at pre-sten naar hand kommer om vinteren ved nattetide i mørcke och kolde fra anexene ingenlun-de kand komme til sit huus, ja icke end fra sit huus til hofued-kirchen end sige til de andre sogne, naar dub sne och holche er, besynderlig den som gammel och schrøbelig er, at tienesten deroffuer kand forsømmes.» Fleire av dei etterfølgjande prestane budde andre stader enn på den offisielle prestegarden. Årsaka var vanskeleg tilgjenge og dårleg vedlikehald. I 1715 var det registrert heile ni byg-ningar på prestegarden, fire av dei var driftsbygningar. Sokneprest Claus Daae, som grunnla lærarskulen på Stord nettopp på Tyse prestegard i 1839, bygte ny bustad her i 1835. Den noverande bustaden blei oppført medan Marcus Ja-cob Gjessing var sokneprest i Stord. Med bil er det i dag lett til-gjenge til den statseigde preste-garden, som ligg tett ved golf-banen på Stord.