dr.scient Karl-Jan Erstad,

Rådgivande Agronomar AS,

Korssund i Sunnfjord

Ein forskar skal framskaffe fagkunnskap slik at byråkratiet får meir innsikt, og politikarane og allmenta kan ta verdivegde avgjersler på eit solid fundament.

1. CO2 som forureining Kjemiske sambindingar har ulike verknader avhengig av konsentrasjon. Vi definerer skalaer over området mangel — tilfredsstillande - forgifting/forureining . CO2 er livsviktig på jorda for all produksjon, med karbon som livet sitt atom. Karbon er fantastisk der det ligg midt i Linus Pauling sin elektronegativitetsskala (0-4), med verdi 2,5 og kan ha bindingar til begge sider. Men sidan 1840 har CO2-innhaldet auka frå 0,030 prosent til 0,036 prosent i atmosfæra, og aukar stadig raskare. Med forventa skadeverknader ved drivhuseffekten taler vi om forureining.

2. CO2-frie kraftverk Det er nok rett at slike kraftverk ikkje finst, og vi må ta hand om CO2 frå forbrenning. Men det er muleg å gøyme vekk denne CO2-gassen frå atmosfæra, ved injeksjon i undergrunnen (oljefelta), og dessutan i djupt, kaldt havvatn. Havet er eit stort reservoar for oppløyst CO2, ofte kalla eit sluk (sink). Større CO2-opptak kan inngå i auka biomasseproduksjon og så til dels botnfelle, men ein del slepp ut att ved oppstrøyming i varme område.

Dersom vi knyter eit gasskraftverk til ny storindustri, t.d. ved foredling av anortositt (Ca-Al-silikat) frå Indre Sogn på Lutelandet i Ytre Sunnfjord, vil mykje CO2 kunne bindast til kjemisk felt CaCO3. I tillegg får vi aluminiumoksid, silika og kanskje ammoniumnitrat av industriell verdi.

3. Svovel frå kolkraftverk Land som Danmark får mykje elektrisitet frå kolkraftverk. Med 2 prosent svovel i kol kan dette gi sur nedbør. Brent kalk (CaO) eller pulverisert kalk (CaCO3, MgCO3) kan fange opp svovelet, men prosessen frigjer noko CO2, som alltid ved nedbryting av karbonat.

Men den danna gipsen, kalsiumsulfat (CaSO4), treng ikkje å ende i deponi. Rein gips, spesielt m.o.t. tungmetall , kan nyttast i bygningsindustrien. Vidare er jordforbetring (kondisjonering) i landbruket aktuelt, som nytta på saltskadd jord i Nederland, særleg etter overfløyming av dikene eller innvinning av poldarar. I Storbritannia går gips til kalking, men ved ionebytte for dette nøytralsaltet kjem svovelsyre ut, som avløpsvatnet må takle ved bufring. Jorda får tilført kalsium og nødvendig svovel. Svovelmangel i plantekulturane har vorte meir vanleg etter reduksjon i sur nedbør. MgSO4 er enno meir verdifullt, og er kjent som kieseritt (frå saltgruver) i mineralgjødsel.

Like fullt vil overgang frå kol- til gasskraftverk på Kontinentet klart vere ein miljøgevinst.

Samstundes er den felles nordeuropeiske kraftmarknaden ei optimalisering for alle landa - og for miljøet.

4. Utnytting av kjølevatn Det er framlagt at norsk gasskraftverk med kjølevatn på 17°C vil ha ein verknadsgrad på heile 59 prosent, omtrent som eit kombinert elektrisitets-/fjernvarmeanlegg med kjølevatn på 65°C. Men med kundar rett i nærleiken kan varmepumper ta ut enno meir energi frå kjølevatnet på 17°C. Dette er ikkje så lett i Noreg som på Kontinentet. Alternativt kan vi i Noreg, som t.d. hos Elkem i Bremanger, satse på oppdrett av varmekjær piggvar. Men i Portugal produserer norske oppdrettsselskap piggvar på naturleg sjøvarme.

5. Varmepumper er unike Personleg har vi vassboren oppvarming med varmepumpe knytt til bergvarme, etablert ved husbygging i 1995. Huset er stort, men totalt elektrisitetsforbruk er halvert frå årleg 50.000 kWh, og til sjølve oppvarminga med 70 prosent. Vi har gjort vårt. Varmepumper er sutlause og arbeidssparande, og løner seg over 10 år utan offentlege subsidiar. Byggeforskrifter burde kanskje påby varmepumper i alle nybygg, men det er politikk.

6. Alternative energikjelder Det kan vere fornuftig å nytte biobrensel, fordi t.d. skogsvyrke med 45 prosent C i tørrstoff, vil over tid likevel oksidere og gå tilbake til CO2 i skogøkologiske system. Lokale omsyn til luftforureiningar kjem inn i krav til kvalitet på brenselet og bruksomfang.

Vindkraft kan vere estetisk akseptabelt nokre stader, andre stader ikkje. Vindmøllene var langt på veg uønskt på Stad og Smøla, men akseptert på Hitra.

7. Noreg sløser med elektrisitet For oss med arbeid i andre europeiske land er det ingen myte at andre folkeslag nyttar elektrisitet og energi generelt med større ærefrykt - og prisfrykt. I Noreg som i Sovjet har elektrisitet i alle år vore eit «sosialistisk basisgode». Kvifor spare når ein ikkje kjenner det på pungen?

I Tyskland, Nederland og Frankrike er eg vant med å sløkkje lyset etter meg, og nå fram til hotellrommet før korridoren er mørklagt. I Frankrike er gatelys ofte i mannshøgde på murvegger i eit nøkternt omfang. I Dagsavisen 29. januar opplyser Vegdirektoratet at forbruket kan reduserast med 20-30 prosent ved lysdemping på vegar og i tunnelar. Vi kan om vi vil.