JOHN LINDEBOTTEN john.lindebotten@bt.no

Ferja har ein toppfart på 25 knop, og det skulle tyde ei reisetid på under 20 minutt mellom Krokeide i Bergen og Hufthamar på Austevoll. I dag tar turen rundt 35 minutt.

I revidert nasjonalbudsjett som vart lagt fram fredag, stadfester regjeringa det BT skreiv sist helg, nemleg at det vert gjeve klarsignal for bygging av Fjellstrand AS si nyutvikla hurtigferje, Ferry Cat.

I samferdselsdelen av revidert nasjonalbudsjett skriv dessutav Samferdselsdepartementet at ferjesambandet Stavanger-Tau ikkje er aktuelt for prøvedrift med Ferry Cat.

Det andre sambandet som har vore nemnt, Molde-Vestnes, vil har bruk for to hurtigferjer, og i fyrste omgang skal det berre byggjast ei.

Då peikar Krokeide-Austevoll seg ut, for der kan ei hurtigferje avløysa «Vikingen» og «Rosendal».

— Vi vil anstrengja oss for å verta dei fyrste til å setja Fjellstrand si nyutvikla ferje inn i trafikken, og eg har god tru på at vi skal nå fram, seier konstituert konsernsjef Per Atle Tellnes i HSD til Bergens Tidende.

Men Tellnes strekar under at det er Vegdirektoratet som avgjer den saka.

HURTIGFERJE: Omtrent slik skal ho sjå ut, hurtigferja Ferry Cat.