JON TUFTOjon.tufto@bt.no

Magnar Gjertsen på Sandøy i Gulen fekk 70 laks i garna sine på to dagar, melder NRK Sogn og Fjordane. Han har fylt opp frysaren, og no meiner han andre i området må nytte påskeferien til å fiske opp mest mogleg av den rømde laksen.

1. konsulent i Fiskeridirektoratet, Øyvind Bjerck, seier til NRK at dei arbeider med å få tak i dei ansvarlege for oppdrettsanlegget som fisken har rømt frå.