På junitinget skal fylkestinget m.a. handsama handlingsplanan for riksvegutbygging innanfor Nasjonal Transportplan, og fylkestinget vil då, atter ein gong, setja Hardangerbrua på 1. plassen i Hordaland trass i Stortinget sitt nei til brua i 1996.

Det var Turid Visnes frå Arbeidarpartiet som sette fram forslaget, som alt på førehand var støtta av H, Frp, Sp, KrF og Pensjonistpartiet. Det var ingen debatt om saka, frårekna Bjørn Lothe, SV, frå Ullensvang, som bad fylkestinget finna fram til ein betre måte å hjelpa Hardanger på.