Det gjeld Berge landskapsvernområde, også kalla Stekka, oppretta i 1984.

I 1990 sa fylkesmannen nei til ein søknad om kårhus frå den same grunneigaren, men opna for bygging på to andre stader. Nesten ti år seinare møter grunneigaren opp hos fylkesmannen, og får i eit uoffisielt møte ja til å byggje på ein ny stad nærare fjorden, i 100-metersbeltet langs sjøen. Dette blir seinare formelt stadfesta. Fylkeskommunen protesterer prisverdig, men saka går vidare. Kvam kommune handterer det heile administrativt, før saka i 2002 kjem opp som jordlovsak. Fleirtalet støttar den bygginga som fylkesmannen avgjorde.

Med sin raske innersving har fylkesmannen rota til saka. Vedtaket vart kjent først lenge etterpå. Ingen sat med dei opplysningane som normalt blir kjende gjennom vanleg saksgang. Fylkesmannen har praktisert reglane for verneområdet på ein høgst uvanleg måte. Det er mogeleg å gjere unnatak for visse tiltak i landskapsvernområde, når det ikkje er i strid med sjølve målet for vernet. Dette heldt fylkesmannen seg til i 1990. Men nå, når presset på både strandsona og verna område er langt større, då gjev fylkesmannen etter, brått og uventa. Grunneigaren får det som han vil. Også lokalt er det mange som protesterer. Stekka er eit ettertrakta friluftsområde.

Saka gjeld ikkje berre tomta i Kvam. Vern av spesielt verdifulle område og det generelle forbodet mot bygging i strandsona, er tiltak for å styrke allmenne omsyn i naturforvaltninga. Presset mot den attraktive naturen aukar. Fylkesmannen i Hordaland har tidlegare fortalt at det er vanskeleg å handheve byggjeforbodet i strandsona. Det skal neppe bli lettare å forsvare denne naturen når fylkesmannen i same sak både gjer eit oppsiktsvekkjande unnatak frå vernereglane for landskapsvernområdet og plasserer eit nytt hus med tilkomstveg i ei attraktiv eng ned mot sjøen. Mange reagerer mot reguleringar, men det er fleire som reagerer når styresmaktene handterer folk ulikt.

At tomta er dyrka jord, er ikkje det vesentlege i saka. Men når det nå er fylkeslandbruksstyret som har avgjerda, bør dei leite etter ei løysing som kan hjelpe fylkesmannen opp or grøfta.

Erik Solheim,

leiar i Norges Naturvernforbund