Den Islamske Forening vart allereie i fjor tatt for å operere med feilaktige medlemsregister som grunnlag for ein støttesøknad. Fylkesmannen i Hordaland avdekte at den innsendte lista som viste 1231 medlemmer i 1999 var stappfull av feil:

  • 218 av personane var ikkje å finne i folkeregisteret
  • 49 hadde utvandra
  • 45 stod oppført på same lista fleire gonger
  • 36 hadde flytta frå fylket
  • Åtte var oppført som medlemmer i eit anna trussamfunn
  • To var døde

«Alvorleg forsømmelse»

Foreininga fekk sjansen til å rette opp feila, men kom attende med ei ny liste der det også vart avdekt store manglar. Fylkesmannen kontrollerte 106 personar frå den reviderte lista — nøyaktig halvparten oppga då at dei ikkje var medlemmer.

Fylkesmannen kom fram til at feila var så alvorlege at heile søknaden om støtte for 1999, som var på 219 kroner per medlem – 270.000 kroner totalt, vart avslått.

Han kom også fram til at forstandaren var ansvarleg for rotet med listene. «Etter dette finner vi at det foreligger en særlig alvorleg forsømmelse av forstanderens plikter. Lovens vilkår for å avsette forstandaren er følgelig oppfylt», heiter det i Fylkesmannens vedtak om å fjerne forstandar Hamdi Haji Ibrahim.

Dårlege språkkunnskapar

Medlemsrotet i fjor og avgjerda om å fjerne forstandaren har ikkje vore offentleg kjent før no. Den Islamske Forening godtok at forstandar Ibrahim måtte gå, men klaga til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet på at dei vart nekta støtte.

Trussamfunnet viste til fleire grunnar for listerotet: Medlemmane kom frå mange ulike land, snakka ulike språk og kunne ofte ikkje norsk. Mange sa ikkje ifrå når dei flytta eller melde seg inn i eit anna trussamfunn, ifølgje klagen.

Departementet gav dei ikkje medhald. Den Islamske Forening skjerpa seg etter refsen, og fekk etter dette utbetalt 157.000 kroner i statsstøtte for 2000. I søknaden for 2001 har dei igjen fått problem: Fylkesmannen har funne at 83 av dei oppgitte 776 medlemmane er oppført også i andre trussamfunn. 12 er ikkje funne i Folkeregisteret, seks er dobbeltført, fire er utvandra og ein er død.

Denne søknaden er ennå ikkje endeleg handsama hos Fylkesmannen.