Styreleiar Jarle Skartun seier til Firda at selskapet ikkje har fullt oversyn over kor stort omfang saka har.

— Men uansett ville dette enda med avgang for den tilsette. Dette er ei prinsippsak, seier Skartun. Fylkesbaatane-sjefen hadde ansvaret for alt innkjøp i selskapet, like frå iskrem til båtar. Administrerande direktør Atle Tornes vil ikkje kommentere sin medarbeidars avgang, men seier det ikkje er fleire involverte.