— Først reagerte eg på at det lukta alkohol av dama som jobba i kiosken om bord. Då billettøren kom, merka eg også ein svak alkoholdunst av anden hans. Då vart eg mistenksam og lurte på om dei hadde hatt seg ein fest om bord, seier ein passasjer BT har snakka med.

— Vart du redd?

— Det var ubehageleg. Eg synast fleire virka litt engsteleg, men om dei også merka alkoholdunsten, veit eg ikkje.

Passasjeren ønskjer ikkje namnet sitt i avisa. Ho fortel også at kapteinen høyrdest nokså grumsete ut på høgtalarane og at navigeringa virka noko aktlaus.

— Eg reiser ikkje ofte med hurtigbåt og veit ikkje om det plar vera slik. Og om kapteinen virka grumsete, kan kanskje skuldast dialekten hans, seier passasjeren.

Resolutt reaksjon

Då ho ringde sambuaren og fortalde om mistankane sine, ringde han vidare til reiarlaget Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane AS.

— Då vi fekk inn rapporten, tok vi pause frå møtet vi sat i for å handtera situasjonen med ein gong, fortel administrerande direktør Atle Tornes i Fylkesbaatane.

— Hadde de episodane frå MS «Os» i bakhovudet då de reagerte så kjapt?

— Dette er normal prosedyre i vårt selskap, svarar Tornes. Fylkesbaatane har nulltoleransegrense.

— I vårt reiarlag skal ingen vera påverka når dei er på jobb, seier han.

Tornes ringde politiet og bad dei møta hurtigbåten på eitt av stoppa. Kledd i sivilt gjekk ein politiførstebetjent om bord og bad ein matros om å blåsa i alkometeret.

— Dette skjedde særs diskret. Eg trur ikkje passasjerane oppdaga kontrollen, seier politiførstebetjenten til BT.

Blåste gult

I følgje Tornes var det berre skilleg grunn til mistanke mot den eine matrosen. Politiet har difor ikkje lov til å sjekka dei andre, utan særskilt samtykke.

— Vi vurdere no å be kvar og ein av våre tilsette om å skriva under på at vi kan ta sporadiske rutinekontrollar. Dette er ikkje innført førebels, men vi har det på dagsorden, seier Tornes.

Etter det BT forstår skal matrosen ha blåst gult på alkometeret som er innstilt til å syna raudt dersom det er over 0,2 i promille - ei grense som gjeld for bilførarar.

På sjøen er dei lovmessige grensene noko høgare og politiførstebetjenten fann difor ingen grunn til å stogga båten.

Kan få konsekvensar

Men Fylkesbaatane har altså eigne reglar. Og Tornes seier han vil venta på rapport frå lensmannen innan dei avgjer kva som skjer vidare.

— Eg har fått forståing av at matrosen hadde mellom 0 og 0,2 i promille. I tillegg var det gått fleire timar sidan han kom på jobb. Kva konsekvensar dette vil få, vil eg ikkje forskotera, seier Tornes til BT.