— Etter det som stod i Bergens Tidende fredag, ønskjer vi å undersøkje nærare kva desse driv med, seier kontrollsjef Åse Marie Høyland hos fylkesskattesjefen i Hordaland. To revisorar frå fylkesskattekontoret rykte i går ettermiddag ut saman med to tenestemenn frå Fjell og Sund lensmannskontor. Dei møtte det engelske asfaltlaget, som dei siste vekene har tatt på seg arbeid i bergensområdet, i Forlandsvågen på Sotra. Også i går var mennene i full sving med asfaltlegging på private vegar. Fellesforbundet meiner dei driv svart arbeid i stor stil.- Vi fekk skriftleg oppmoding frå fylkesskattesjefen om å vere med. Engelskmennene svara på spørsmåla dei fekk, seier førstebetjent Torstein Skeie ved Fjell og Sund lensmannskontor. Uklart om dei blir melde Fylkesskattesjefen ønskjer å finne ut om det engelske firmaet er registrert som det skal i Brønnøysundregistra, og om dei betaler moms, arbeidsgjevaravgift og trekkjer skatt slik lovverket krev. Etter det Bergens Tidende forstår, skal engelskmennene har gitt uttrykk for at dei ønskjer å få alt det formelle i orden så snart som råd. - Vi har teieplikt, og kan ikkje fortelje kva som kom fram i dag, seier kontrollsjef Høyland på fylkesskattekontoret. Tidlegast over helga vil det bli tatt stilling til om dei engelske asfaltleggjarane skal meldast til politiet for eventuelle brot på skattereglane. - Ikkje god kvalitet Bergens Tidende hadde i går med avdelingsingeniør Harald Midtun frå Hordaland vegkontor for å sjå på arbeidet engelskmennene har utført. Fleire kundar har klaga på kvaliteten. - Dette er ikkje gjort av fagfolk. Eg ville i alle fall ikkje betalt full pris, var Midtuns dom. Han har fagansvaret for vegdekke på trafikkavdelinga ved vegkontoret. - Vegen under er ikkje jamna ut, og dermed blir det humpete. Dekket ser tynt ut, og har fleire skjønnheitsfeil, seier Midtun, som oppmodar dei som skal ha lagt asfalt om å kontakte folk med fagbrev. - Asfaltlegging er eit handverk, på linje med røyrlegging. Å gjere avtaler med folk som kjem på døra ville eg uansett vere forsiktig med, seier Midtun.