Overfarten frå Jektevik på Stord til Hodnanes på Tysnes er så kort at restauratør Astrid Bakkane og hennar to medhjelparar til og med serverer halve kaffikoppar til seks kroner til dei som ber om det.

— Det er kjekt når det er mat og kaffi på ferjene, seier lastebilsjåfør Asle Solberg frå Austevoll om bord i MF «Austevoll».

På veg frå Austevoll med eit oppdrettsanlegg til Varaldsøy i Kvinnherad må han med tre ferjer. Første ferja frå Husavik til Sandvikvåg, som tek 25 minuttar, har ingen open kiosk, berre ein kaffitermos og ei korg for betaling.

— Men her er det jo mat og alt, seier Solberg og kjøper ein kopp kaffi og ei avis av Jorunn Helland i kiosken på MF «Austevoll».

Sit i bilen

Det er berre to som handlar hos Jorunn Helland på denne turen til Hodnanes. På returen er det ingen av dei ti passasjerane som stig ut av dei sju bilane på dekk for å handla.

— Eg overlever. Men eg kan ikkje rekna på timane, for det blir lange dagar. Det er kombinasjonen av kiosksal og stell for mannskapet som gjer det mulig å driva, seier Astrid Bakkane, busett eit steinkast frå ferjekaien på Hodnanes.

— Me serverer mannskapet frukost, middag og kvelds, og har elles vask og lugarrydding om bord, seier Bakkane, som har arbeidd på trekantsambandet Jektevik - Hodnanes - Huglo sidan 1998, og med åleineansvar sidan i fjor vinter.

Astrid Bakkane har Tysnes-kvinnene Jorunn Helland og Siren Louise Møllerup Skaten tilsett. Ferjekiosken har ope frå 8 til 19.30.

— Salet varierer veldig dag til dag. Mat går det mest av i feriane, mange kjøper seg ein is når det er fint vêr. Kaffi og aviser blir selt jamnt og trutt. Astrid Bakkane har for lengst skifta ut porselenskoppar med isoporkrus. Svinnet er stort, porselenet er dyrt å erstatta. Men mannskapet slepp å drikka av plast.

Rundstykke, kaffi og avis

— Som austevolling er eg jo avhengig av ferjene. Og det er flott når eg kan få kjøpa meg to rundstykke, ein kopp kaffi og ei avis om bord, seier lastebilsjåfør Asle Solberg.

— Eg veit ikkje alltid kva dagen fører med seg av arbeidsoppdrag, så niste og termos har eg sjeldan med. Derfor er det gildt med ferjekioskane når eg skal av garde over fjorden, seier Asle Solberg idet han tek med seg den halvtømte kaffikoppen opp trappa til bildekk. Langenuen er kryssa, på åtte minutt.

NYTING OG NYTTE: Lastebilsjåfør Asle Solberg kjøper sin obligatoriske ferjekaffi og ei avis.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR