TERJE ULVEDAL

Så godt som alle dei andre store interesseorganisasjonane for natur— og kulturvern seier nei til det storstila vindkraftverket på Stadlandet. - Dei negative konsekvensane ved vindmølleparkar er overdrivne. Spesielt gjeld dette Stad, seier Cato Buch i miljøstiftinga Bellona til Bergens Tidende. - Våre motpartar vil nok vite å bruke dette for alt det er verdt, kommenterer leiar Erik Solheim i Norges naturvernforbund.

Mange klager Naturvernforbundet, Den Norske Turistforening, Verdens Naturfond og Norges Jeger- og Fiskerforbund har gjennom Samarbeidsrådet for naturvernsaker gjort felles front mot vindkraftverket på Stad. I tillegg har Naturvernforbundet for eiga rekning klaga på avgjerda om å gje grønt lys for vindkraftverk i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).Som meldt tidlegare i Bergens Tidende har også Fortidsminneforeningen anka Stad-avgjerda inn for Olje- og Energidepartementet. I tillegg har grunneigarlag, sau- og geitealslag, andre lokale organisasjonar og privatpersonar kasta seg inn i klagekoret.Tidlegare har både fylkeskommune og Fylkesmann i Sogn og Fjordane gått mot Stadlandet vindpark. Lokalt i Selje har derimot eit fleirtal i kommunestyret sagt ja.

Komme i gang Bellona tek derimot ikkje alle innvendingane til etterretning.- Det er viktig at vi no kjem i gang med utbygging av fornybar energi. Vindmøller har eit stor potensial som metode for å produsere kraft i Norge, seier Cato Buch.- Men er det ikkje feil å starte i stor skala med sterkt omstridde prosjekt?- Protestar vil det bli uansett. Vi vil sjølvsagt vurdere desse prosjekta frå sak til sak. Men når vi seier ja til både Stad og anlegget på Smøla i Møre og Romsdal, er grunnen at vi meiner føremonene er større enn ulempene. - Så argumentet om at Stadlandet er det viktigaste uberørte kystlandskapet som er att i Sør-Norge, bit ikkje på Bellona, Buch?- Som sagt meiner vi dei negative konsekvensane er sterkt overdrivne på Stad.

Som i Alta Naturvernforbundet, som også i utgangspunktet er positive til vindkraft, meiner tvert om at dei ikkje overdriv konsekvensane. Og at Statkraft-parkane på Stadlandet og Smøla er dei to klart mest kontroversielle av totalt kring 25 vindmølleparkar som er under planlegging i landet.- Det er ikkje nødvendig å byggje på Stad og Smøla for å få i gang vindkraftutbygging i Norge. Og desse to anlegga er heller ikkje nødvendige for å nå måla Stortinget har sett for slik utbygging, seier leiar Erik Solheim.Naturvernforbundet meiner NVE har bagatellisert ulempene for natur og landskap. Argument for utbygging er trekt fram og underbygd, medan motargument er oversett. Framstillinga minner utriveleg mykje om den fakta-handteringa som i si tid prega Alta-saka, meiner forbundet.- Korleis vil det bli oppfatta at ein annan miljøvernorganisasjon, Blelona, går sterkt inn for planane, Solheim?- Det er vel ikkje til å stikke under ein stol at det fører til at vi stiller svakare. Våre motstandarar vil nok bruke det. Men vi skal kjempe mot, og prøve å stikke så mange kjeppar i hjula som råd.

Stadlandet vindpark* Vindkraftverket omfattar 35 vindmøller plassert oppe på Hoddevikfjellet. Medrekna rotorblad blir vindmøllene kring 100 meter høge. Vindmøllene er plassert i rekkjer på to fjellryggar.* Det skal byggjast veg fram til alle vindmøllene. Frå ein transformatorstasjon skal det byggjast 26 kilometer kraftleidning til Bryggja. Totale investeringar er kalkulert til 500 millionar kroner. * Rett før jul gav NVE Statkraft konsesjon for å byggje vindkraftverket. Samstundes fekk Statkraft også grønt lyst for vindmølleparkar på Smøla i Møre og Romsdal og Hitra i Trøndelag. Utbyggingane på Stad og Smøla er sterkt omstridde.

Les også: Må subsidierast med over 150 millionar